Engler og demoner

engler
«Engler og Demoner» av Dan Brown er den første boka i serien med Robert Langdon. Han er professor i religiøs ikonologi og kunsthustorie på Harvard-universitetet. Boka byrjar med at Langdon vert vekt midt på natta av at telefonen hans ringjer. Mannen i telefonen introduserer seg som Maximillian Kohler, direktøren av sveitsiske CERN, som er verdas største forskingssenter. Han fortel at ein av dei viktigaste fysikarane deira var blitt myrda. Ordet «Illuminati» var svidd ned i brystet hans. Sidan Langdon sitt ekspertiseområde inkluderer det eldgamle, hemmelege samfunnet kjent som «Illuminati», vert han spurt om å hjelpe til i etterforskinga. Offeret er ein mann med namnet Leonardo Vetra. I tillegg til å vere ein av verdas ledande fysikarar, er han òg ein katolsk prest. Han har ei adoptivdotter, Vittoria, som òg er forskar ved CERN. Leonardo Vetra og dottera hans brukte verdas største partikkelgenerator for å danne antimatierie, for deretter å plassere den i behaldarar som hindra den frå å vere i kontakt med materie. Dersom ein behaldar vert flytta frå det elektriske systemet som held antimaterie og materie frå kvarandre, vil dei innebygde batteria gjere same jobben i 24 timar. Etter desse 24 timane vil dei to elementa kollidere, noko som fører til ein eksploson av usammenlignbare proporsjonar. Antimaterien vart danna i eit forsøk på å gjenskape Big Bang. Han såg på dette som ei moglegheit til å bevise at Gud finst, ved å skape ny materie og antimaterie på same måte som Gud skapte universet. Drapet på Vetra fører til at ein av desse behaldarane vert tekne. Behaldaren vert fort oppdaga på eit overvakingskamera i Vatikanstaten, med ei klokke som viser kor lenge batteria har igjen. Dette burde gjere det til ei enkel sak å finne behaldaren, men så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Det viser seg at kameraet òg er stole. Langdon og Vetra blir derfor sendt til Vatikanstaten for å hjelpe til med leitinga etter behaldaren og returnere den til CERN før den ekspoderer ved midnatt. Ikkje berre truar behaldaren med å jevne Vatikanstaten med jorda, men sidan paven nettopp har gått bort er alle kardinalane frå den katolske kyrkja i byen for den tradisjonelle konklaven. Dei vert alle låst inne i Det Sixtinske Kapell, og skal etter kristen lov halde seg der til den nye paven er vald. Boka baserer seg deretter på korleis Vittoria og Robert står på for å finne denne behaldaren og redde heile den katolske kyrkja, noko som viser seg å ikkje vere ei enkel oppgåve.
Dette er ei fantastisk god bok, med spenning frå byrjing til slutt. Den er delt opp i overraskande mange, korte kapittel, for å skilje mellom dei to synsvinklane. Boka er skrive i ei form for parallellhandling, der den varierer mellom å vere fortalt frå Langdon si side, og frå tjuvane som stal behaldaren si side. Kvart kapittel sluttar med ein såkalla «cliffhanger», altså at ein føler seg nøydd til å lese vidare for å finne ut kva som skjer. Dette, kombinert med korte og intense kapittel, gjer at «Engler og Demoner» er ei bok det er nærast umogleg å legge frå seg. Eg anbefaler denne boka til alle som interesserer seg for vitskap og historie, og som har lyst på ei fantastisk leseoppleving.

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Den siste lærling, Heksenes hevn

Forfattar: Josephheks Delaney.
Forlag: Aschehoug
Sjanger: Fantasy
Sider: 273

’’Heksenes hevn’’ er den første boka i serien ’’Den siste lærling’’.
Denne serien handlar om guten Thomas Ward, som er sjuande son av ein sjuande son. Dette gjer at han har krefter som kan beskytte menneske mot mørket og vondskapen. Folk som er sjuande son av ein sjuande son, blir trena opp til yrket skrømtvaktar. Jobben deira er å halde vondskapen ute av grevskapet. I serien følgjer vi Tom (Thomas) gjennom lærlingtida hans, og alle konfliktane og problema han møter på.
’’Heksenes hevn’’ er starten av lærlingtida til Tom, som berre var 12 år då faren hans kontakta skrømtvaktaren. Faren prøvde å finne arbeid til alle borna sine, og no var det Tom sin tur. Skrømtvaktaren var villig til å ta han som lærling, sjølv om han måtte gå gjennom nokre vanskelege oppgåver for å bli godtatt. Tom si tid hos skrømtvaktaren var mykje jobb. Han måtte skrive ned alt skrømtvaktaren lærde han, han var nøydd til lære seg latin og hadde mange oppgåver omkring i huset og i hagen. Dagane til Tom var det same omtrent kvar dag, men alt blei snudd på hovudet då han møtte på ei jente kalla Alice. Ho hadde spisse sko, og skrømtvaktaren hadde åtvara Tom mot jenter som ho. Og som om ikkje det var nok, så hadde Alice gjort Tom ei teneste slik at han sto i gjeld til ho. Etter kvart finn Tom ut kven Alice er, og skjønar at tenesta han skylder ho kan koste han mykje.
Ein dag må vaktaren ut på oppdrag, og kan ikkje ta med seg Tom. Då tek Alice kontakt igjen. Ho ber Tom om å gi ein av slektningane hennar, mor Malkin, nokre kaker – ei kvar dag. Mor Malkin var ei av dei farlegaste heksene i grevskapet som skrømtvaktaren hadde klart å fanga. No låg ho ute i hagen i eit slags fengsel for hekser. Tom syntest synd på heksa, og såg ikkje kvifor det var så farleg å gi ho nokre kaker. Etter kvart skjønte han det store feiltrinnet han hadde gjort. Kakene gav mor Malkin kreftene hennar tilbake, og ho klarte å rømme. Tom hadde frigjort den farlegaste heksa i grevskapet, og no var ho ute etter hemn.

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Flink pike

«Flink Pike» er ein spenningsroman av Gillian Flynn som vart gitt ut i 2012 og omsett til norsk i 2013. Boka omhandlar forsvinninga av kona til Nick Dunne, som bur i North Carthage, Missouri. På sin femte bryllaupsdag oppdagar han at Amy er borte. Nick vert nøydd til å samhandle med politiet, som etter kvart mistenkjer ektemannen sjølv for bortføringa, for å finne Amy. Politiet finn stadig fleire spor som leiar Nick nærFlink pikeare arresten: Suspekte søk på datamaskina og venninner av Amy som seier ho har vore redd for Nick og haldt ting hemmeleg for han. Nick står fast ved at han er uskuldig, men klarer ikkje å forklare løgnene sine, mistenkelege utflukter og heller ikkje den ottelause oppførselen sin rundt saka.

Boka er velskriven og har eit rikt og variert språk som mange andre bøker ikkje kan måle seg med. Språkbruken hjelp deg å setje deg djupare inn i situasjonane og det er nesten som om du opplever dei sjølv. Skildringane av både samfunn, miljø og personar er svært gode. Boka har ein litt seig start, men når ting byrjar å skje, skjer dei svært fort. Spenningskurva i boka er med andre ord veldig bratt og gjer lesinga enklare og meir motiverande.

Dette er ei bok eg vil anbefale for dei som likar spenning, krim og konspirasjonar. Forfattaren gir deg mykje tid til å forsøke å tenkje ut plottet sjølv og du føler deg nesten som på skattejakt i barneselskap. Denne thrilleren vil ikkje gi deg fred før du er ferdig med boka og også då vil du nok ofre den eit par tankar. Ei god bok som er verdt å bruke tid på!

Lagt inn i Bokmeldingar | Legg att eit innspel

Kunsten å høre hjerteslag

9788202387648Forfattar: Jan-Philipp Sendker

Forlag: Cappelen Damm

Utgivarår: 2014

Omsett av: Kurt Hanssen

Tin Win er ein vellykka advokat i New York, der han lever eit flott liv med kone og to barn. Han er opprinneleg frå Burma, men familen veit svært lite om oppvekst og bakgrunn. Ein dag like etter den eldste dattera, Julia, har hatt sin juridiske embetseksamen, forsvinn faren. Familien tvingast til å akseptere at det siste sporet sluttar i Bangkok.

Nokon år seinare finn Julia eit gammalt brev Tin Win har skrive, adressert til Burma. Ho bestemmer seg for å oppsøke dama han har skrive til. Da ho kjem til den lille landsbyen i fjella møter ho U Ba som kan fortelje mykje om farens fortid Julia aldri kunne drøymt om.

Eg synest kunsten å høre hjerteslag er ei god og innhaldsrik bok. Forfattaren hoppar en del i tid og vi får vite mykje fra framtida til Tin Win. Dette likar eg godt. Eg vil anbefale boka for jenter frå 15 år og oppover som likar å lese lettleste bøker.

 

 

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Null

9788249511174_product_full

Tittel: Null
Sjanger: Roman
Forfattar: Gine Cornelia Pedersen
Forlag: Oktober 2013
Vann Tarjei Vesaas Debutantpris 2013

Det første eg la merke til med boka var at setningane er korte og utan punktum. Sidan eg ikkje les bøker til vanleg, tok eg den fordi det såg ut som den var lett å lese. Og det var den. Dette kallar vi for ein «listeroman», som har eit jamn høgt tempo heile vegen. Det er nesten umogleg å stoppe å lese før du har lese ut eit kapittel fordi det skjer noko heile tida. Dette representerer også tankemåten til hovudpersonen i boka.

Vi får vere med på ei tøff, gal og rar dame si reise gjennom livet frå når ho er 10 til ho blir 26 år. Ho slit med psykiske sjukdommar som er grunnane til at ho gjer og seier ting før ho tenkjer over dei. Vi får også med oss hallusinasjonane og vrangførestillingane ho opplever. Det finst ikkje ei grense i denne boka. Forfattaren flettar inn humor inn i setningane, trass i alt det tragiske som skjer.

Då eg las ferdig dei 184 sidene, låg eg igjen med rare kjensler. Eg ville le og grine samtidig. Eg visste ikkje kva eg skulle føle eller tenkje. Det einaste eg var sikker på var at eg likte denne boka kjempegodt, og eg hadde lyst til å fortelje om den til andre. Eg anbefaler alle å lese denne fantastiske og ville boka!

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Faen ta skjebnen

 

Faen ta skjebnenForlag: Gyldendal

Forfattar: John Green
Orginal tittel: The fault in our stars
Utgivningsår: 2012
Norsk oversetter: Stian Omland, MNO
Format: Pocket
Sidetal: 341
Terningskast: 6 med VG

«Faen ta skjebnen» handlar om ei jente som heiter Hazel Grace og ein gut som heiter Augustus Waters, som ho ein dag møter i støttegruppa for kreftsjuke ungdommar. Ho har lunger så dårlige på grunn av kreft at ho er tvungen til å bere med seg ei oksygenflaske overalt, og han har ofra ein fot for å bli kreftfri. Som Hazel seier i boka har ho «skjoldbruskkjertel opprinneleg, men med ein imponerande og for lengst inngrodd satelittkoloni i lungene.» Hazel og Augustus blir fort vener, og gjennom Hazels favorittbok «Ein keiserleg smerte» kjem dei stadig nærare kvarandre. Dei vert kjærestar sjølv om Hazel stritta ein del imot i begynnelsen fordi ho ikkje ville at han skulle sitte igjen med ei stor sorg etter at ho vart borte. Alle kreftsjuke barn i USA får oppfylt eit ønske frå ein stiftelse og Hazel brukte det på ein reise til Disneyland som Augustus tyner henne veldig på. Augustus hadde spart ønsket sitt og valde å bruke det på seg sjølv og Hazel. Dei reiser til Amsterdam for å møte forfattaren av «Ein keiserleg smerte». Der oppstår det krangel, latter, kjærleik og sorg.

Eg syntest boka var ein lettlest og god roman. Det er ei bok du ikkje klarar å legge frå deg. Den har utrulige metaforr og fantastiske ord du aldri kjem til å gløyme. Eg veit i alle fall at eg kjem til å lese den på nytt, men då kjem eg til å lese den på engelsk, fordi eg vil lese den på originalspråket. Boka kjem til å få deg til å både le og grine. Boka er ikkje ei forteljing om kreft og død, men det er ei vakker og gripande historie om Hazel og Gus. Det er ei fantastisk bok som eg anbefaler alle å lese!

John Green er ein amerikansk forfattar og videobloggar. Han er født 24. august 1977 i Indianapolis, Indiana, USA. Han er gift med Sarah Urist og han har ein bror som heiter Hank Green. Han har fått Edgar-prisen for beste ungdomsroman og shorty-prisen for beste forfattar.

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Boktips frå skulebiblioteket

 

Det fine som flyter forbiTittel: Det fine som flyter forbi

Forfattar: Ida Løkås

Utgivingsår: 2012

 

Debutromanen til Ida Løkås er ein god oppvekstroman frå eit miljø vi sjeldan les om.

Det er sommarferie. Vi er i Little Venice, ein fattig bydel i London prega av sosiale problem. Her på feil side av kanalen veks 14 år gamle Jamie opp, han er ein roleg gut som likar å teikne og lagar skisser av miljøet rundt seg. Jamie bur saman med mor si, som må ha fleire jobbar for å klare seg økonomisk og har ein lei tendens til å dumpe bort i feil menn.

Les meir

Lagt inn i Biblioteknytt | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Vakre skapninger



Vakre skapninger Kami Garcia og Margaret Stohl

Tittel: Vakre skapninger

Orginaltittel: Beautiful Creatures

Forfattarar: Kami Garcia, Margaret Stohl

Forlag: Cappelen Damm

                                     Utgjevingsår: 2013

                                    Målgruppe: 13-18år

I boka Vakre skapninger følgjer vi hovudpersonane Ethan Wate og Lena Duchannes. Ethan si mor er død og faren har lukka seg inne i si eiga verd sidan. Amma som er familien si hushjelp er ei slags erstatningsmor for Ethan. Ethan blir stadig heimsøkt av draumar om ei vakker jente. Draumen er den samme kvar natt, han prøver å redde jenta, han høyrer ein song og han kjenner lukta av sitronar og rosmarin. Ethan er i opprør mot det kvelande småsamfunnet i Gatlin. Det finst ingen overraskingar i Gatlin, det var iallfall det Ethan trudde før han møtte Lena. Ein dag kjem det ei ny jente til Gatlin, Lena Duchannes. Ethan kjenner ho igjen, men har aldri sett eller møtt henne før. Det er Lena, Lena må vere jenta frå draumen. Ethan og Lena bindast saman av ein djup og mektig kjærleik, men Lena er inga vanleg jente, ho har skremande krefter, og det finst ein mørk forbanning over henne. På sekstenårsdagen vil skjebnen hennar bli bestemt, og den dagen nærmar seg! Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Svanesøstrene

Svanesøstrene

Tittel: Svanesøstrene

Orginaltittel: The Bird sisters

Forfattar: Rebecca Rasmussen

Oversett av: Mette I. Gudevold

Forlag: Pantagruel

Utgjevingsår: 2012

Svanesøstrene er ei vaksenbok skriven av Rebecca Rasmussen. I boka møter vi det eldre søskenparet Milly og Twiss, som er kjent for å helbrede skadde fuglar.

Vi les vekselvis frå to tidsepokar i livet til dei to søstrene; frå tenåra sommaren 1947, og då dei er eldre, ugifte og bur i Spring Green. Vi blir med tilbake til sommaren dei får besøk av kusina Brett, som er atten år denne sommaren, og som skal vise seg å snu alt på hovudet. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Idas dans

950401.bilde.1349947688.x[1]IDAS DANS –En mors beretning

 Tittel: Idas dans

Forfatter: Gunnhild Corwin

Forlag: Dinamo

Utgjevingsår:2005

 

Boka handlar om atten år gamle Ida som er energisk og glad og som elskar å danse. Etter mykje mas ifrå mora, går ho ein dag til legen på grunn av ei forkjøling som ikkje vil sleppe taket før ei viktig ballettforestilling. Det viser seg å vere akutt lymfatisk leukemi, ein potensiell dødeleg sjukdom. Livet blir snudd opp ned på ein dag. Familien kjem i sjokk og veit ikkje korleis dei skal takle situasjonen. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel