Opp i flammer

flammer

Forlag: Gyldendal forlag
Forfatter: Suzanne Collins
Utgitt: 2009
Sider: 469
Emne: ungdomslitteratur, science fiction, dystopi, eventyrfiksjon, utopisk og dystopisk litteratur
Dødslekene (The Hunger Games) er en trilogi skrevet av den amerikanske forfatteren Suzanne Collins. Den første boken heter Dødslekene (The Hunger Games), den andre Opp i flammer (Catching fire) og den tredje Fugl Føniks (Mockingjay). Collins startet karrieren sin i 1991 som forfatter til barne-tv program i Nickelodeon. Senere ble hun inspirert til å skrive sine egne barne- og ungdomsbøker. Dødslekene er inspirert av Alice in Wonderland.

Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Fallen engel

Bfallen engeloka er skriven av Becca Fitspatrick og er gitt ut i 2011 av Gyldendal Norsk Forlag
Ei forførande, mørk og mystisk bok om både kjærligheit, kamp, drama og sorg.
«Fallen engel» er fyrste boka i serien «Fallen engel». I alt er det fire bøker. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Demonenes by

demonenes byForfatter: Cassandra Clare
Tittel: Demonenes by
Originaltittel: «City of Bones»
Serie: «The mortal instruments»
Forlag: Schibsted
Sjanger: Fantasy
Sider: 461

«Demonenes by» er den første boken i serien «Skyggejegerne». Boken handler 15 år gamle Clarissa Fray, selv om hun som regel bare blir omtalt som Clary. Hun bor i New York, sammen med moren sin og en god venn av moren, Luke. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Gutten i den stripete pyjamasen

pysjamasForfattar: John Boyne, Irland
Oversetter: Tore Aurstad
Forlag: Cappelen Damm
Utgivingsår: 2006
Sidetal: 172

”Gutten i den stripete pyjamasen” er ein roman som handlar om ein gut på 9 år med namnet Bruno. Handlinga skjer under 2. verdskrig, og likevel lever Bruno trygt saman med den rike familien sin. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Idas dans

idas dansForfattar: Gunnhild Corwin

Forlag : Dinamo forlag
Utgivelsesår : 2005
Språk : Bokmål
Sider : 297
Bøker : Idas Dans ( 2005 ), Etter dansen ( 2011 )

Idas dans, ei mors beretning er skriven av Gunnhild Corwin. Den tek opp dei mange utfordringane som følgjer med kreft, samt med det å samle på alle dei små augeblikka i livet, det som gjer ein lukkeleg.

Boka handlar først og fremst om Ida, hovudpersonen i boka. Ida hadde tidlegare vore ein livlig og aktiv 18 – åring, som brann for ballettdansing, kjæresten og sine beste vennar.
Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Boktyven

boktyvenForfattar: Markus Zusak

Forlag: N. W. Damm & søn
Utgitt: 2007
Sidetal: 538
Oversetter: Henning Hagerup

I boka ”Boktyven” av Markus Zusak får vi oppleve livet til Liesel Meminger under andre verdskrig sett frå Døden sitt perspektiv. I byrjinga er Liesel på veg til Himmelgaten i München saman mora si, og bror sin. På toget døyr broren, og mora vert send til konsentrasjonsleir. I gravlegginga til broren presterer ho å stele boka ”Graverens håndbok”, noko som viser seg å vere den fyrste av mange ho kjem til å stele. Når ho kjem fram til Himmelgaten er det omsider den nye fosterfaren hennar som får ho ut av bilen. Vidare fortel Døden om kvardagen til Liesel som vert prega av bøker, vennskap og krig.

Då eg byrja å lese boka skjønte eg ikkje så mykje av den, men etterkvart likte eg den betre og betre, og eg er glad for at eg leste den. Historia om Liesel er skjønn og forfattaren skriv på ein fin måte. I tillegg til å omhandle livet i Himmelgaten, kjem det og innblikk frå andre delar av Europa som er ramma av krigen.

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

21. juli

21. juli«21.juli er ei bok skriven av Kristoffer Berg. Kristoffer er overlevande frå Utøya, og den 22.juli» 2011 opplevde han og miste sin sjeleven, besteven og kjærast, Guro Vartdal Håvoll. I boka får ein lese om livet og tankane til Kristoffer etter 22.juli. Ein stor del av boka er også ord han har skrive til Guro. Kvar dag skriv han som eit innlegg i ei dagbok, og alt er skrive til henne. Sjølv om ho ikkje kan lese det, so er det god hjelp for Kristoffer å på ein måte ha kontakt med henne. Vi får lese om at Kristoffer besøkjer familien til Guro på Vartdal, der ho var ifrå, og om at han tur går på dei vakre fjella på Vartdal, som Guro elska meir enn noko anna.

Boka vart gitt ut i 2012. Den er nok mest retta for ungdommar, sidan både Kristoffer og Guro var ikkje so mykje eldre enn ungdommar då dette skjedde. Sjølv er eg ikkje so glad i å lese bøker, men denne boka likte eg svært godt. Den får fram på ein fin måte at kjærleiken kan fortsette sjølv om «den andre delen» ikkje er der lenger. Eg anbefaler den verkeleg.

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Gravbøygen våkner

Forfattargravbøyg: Sigbjørn Mostue

Er du ein av dei personane som føretrekk spenning og fantasy framfor drama og romantikk? Då kan denne boka vere noko for deg! Denne boka handlar om Espen som drar til garden til morfar saman med mora si i sommarferien. Morfar har begynt å bli litt tullete, og Espen sin onkel, Svein, har så og seie tatt over gardsbruket. Til morfar sin store fortviling, skal Svein hogge ned Gammalskauen. Etter eit lynnedslag kjem Espen over ein ganske så spesiell nøkkel i skogen. Denne nøkkelen er døra til ei parallell verd. Farar truar denne verda. Om skogen blir hoggen ned, vil ein urgamal fiende av alvane, ved namnet Gravbøygen, vakne frå grava si og utrydde alvane. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Kjære

kjæreBoka eg har lese heiter «Kjære», som er ei av to bøker Linnéa Myhre har skrive. Bøkene er basert på hennar eige liv, og utan nokon form for sensur fortel og skildrar Linnèa livet som psykisk sjuk, og om eit liv med anoreksi. Linnèa kan å sette ord på følelsar som få veit korleis det er å ha, og dette og det personlege innblikket i hennar liv gjer dette til ei spanande bok å lese. Boka er gitt ut av forlaget Tiden Norsk Forlag og er ein roman på til saman 156 sider, noko som gjer boka til ei kort og lettlesen bok.

Boka var gitt ut i 2014, to år etter hennar første bok «Evig Søndag». Handlinga i «Evig Søndag» endar ein gong i 2011, same stad som neste bok startar. «Kjære» er ei bok samansett av ulike brev Linnea har skrive, og den byrjar med eit sjølvmordsbrev datert 10. mars 2011. Boka inneheld ei rekke personlege brev, og saman dannar dei eit bilete av Linnéa sin framgang gjennom 2011. I starten handlar boka om ei jente med mat som fiende, men det siste brevet handlar om hennar nye avhengigheit: Sondre

Linnéa har humor, til tider mørk humor, men den er likevel underhaldande. Boka er ærlig og det er ei bok alle burde lese, for å forstå litt betre korleis det er å leve med psykiske lidingar. Det er ei god bok som kan få dei aller fleste til å grine, og le.

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Evig søndag

 

 

Forfattar: Linnéa Myhresøndag
Utgjevings år: 2012
Sjanger: Sjølvbiografisk roman

I denne sjølvbiografiske romanen følgjer vi livet til Linnéa Myhre gjennom eit år prega av eteforstyrringar, tvangstankar og depresjonar. Boka byrjar i 2011, då Linnéa motvillig byrja hos psykiateren Finn, noko som kom til å bli eit vendepunkt i hennar elles dystre liv. Humoren er mørk og tekstane ærlege, noko som speglar att Linnéa sin skrive- og veremåte.

Boka er lettlesen og enkelt skrive. Ho gøymer seg ikkje bak avanserte ord og skrivemåtar, men formidlar livet sitt på ein slik måte at det er enkelt for oss utanforståande menneskje å forstå korleis det er å vere henne. Boka er òg utan tydlege spenningshøgdepunkt, og opplevast meir som ein dagbok enn ein roman.

For meg var boka ei positiv oppleving. Det var ikkje alt det dystre eg sat igjen med, men trua om at alt kom til å ende bra. Boka anbefalast på det varmaste, både denne og den andre boka hennar, ”Kjære”.

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel