Martin Ødegaard

Forlag: Publicomslagom
Forfattar: Michael Qureshi
Original tittel: Martin Ødegaard
Utgjevingsår: 2015
Format: Bok
Sidetal: 207
Terningkast: 5

«Martin Ødegaard» er ei bok om det unge fotballtalentet, Martin Ødegaard. Her følgjer vi reisa hans frå ein småklubb i Drammen til tippeligalaget, Strømsgodset, og til slutt ein av verdas største fotballklubbar, Real Madrid. Allereie frå tidleg av, såg Hans Erik Ødegaard (far til Martin) at guten hadde eit unikt talent. Martin voks opp i eit av dei finare strøka i byen Drammen, der husa er over gjennomsnittleg store. Kvar dag etter skuletid og i helgene møttest han og kompisane på fotballbana «Kjappen» og spelte i fleire timar. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

De dødes tjern

Forfatter: Anlast neddré Bjerke (psevdonymet er Bernhard Borge)
Sjanger: Krim og Grøsser
Utgjevingsår: (1942) Denne utgava er fra 2001
Forlag: De Norske bokklubben A/S
Sider: 172

Handling
Kriminalfortattaren Bernhard Borge, hans kone Sonja, Kai Bugge, Gabriel Mørk, Harald Gran, Lilijan Werner og Lennsmannen Bråten skal bu på Daumannshytta som ligg ved blåtjernet inn i ein mørk og forlatt skog opp i Østerdalen. Rykte seier at den tidlegare eigaren av hytta, Tore Gruvik, går igjen rundt tjernet, etter han drepte søstera si på grunn av sjalusi. Gruvik senka Søstera og mannen hennar i Blåtjernet, og dei blei aldri funne. Tjernet skal visstnok både vere botnlaust og ha eit spesielt dragsug på menneske. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Null

Sjanger: Ronullman

Forfattar: Gine Cornelia Pedersen

Forlag: Oktober 2013

Vann Tarjei Vesaas Debutantpris 2013

Det første eg la merke til med boka var at setningane er korte og utan punktum. Sidan eg ikkje les bøker til vanleg, tok eg den fordi det såg ut som den var lett å lese. Og det var den. Dette kallar vi for ein «listeroman», som har eit jamn høgt tempo heile vegen. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Himmelen er på or’ntli

av Todd Buhimmelen_er_på_orntli_1210_bd0_origrpo (med Lynn Vincent)

Originaltittel Heaven is for real

Forfattar Todd Burpo

Omsett av Ellen Ofte Jakobsen 

Forlag Hermon Forlag

Utgjevingsår 2012

Sider 185

Bokomtale

Denne boka er til å anbefale når du er ute etter å setje deg ned med ei god bok i ein stol. Boka handlar om tre-fire år gamle Colton Burpo , som overlevde sprukken blindtarm. Familien er overlukkelege over mirakelet, men det som ventar dei i månadane etterpå er dei ikkje førebudde på. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Busemannen

Forfattara2391535cc1e2aec4df0d6b0b5e8c604ff800138cba6df2dc5b9b23f0r: Knut Nærum, Elisabeth Botterli, Askild Hagen, Jørgen Mehren og Peder Udnæs

Forlag: Cappelen Damm

Sjanger: Humor, krim

Sider: om lag 350

Utgjeve: 2013

Ein krimforfattar blir funnen død i sin eigen heim. Drapsvåpenet viser seg å vere ein Fjordland-middag. Det blir raskt konkludert at drapet er utført av ein seriemordar, og snart er ingen krimforfattarar i Oslo trygge. Den nye Kripos-sjefen er nesten for god til å vere sann, og kanskje er han det også? Det er berre ein person som kan finne ut kven mordaren er. Den tøffe og kalde Willy Wakum er alkoholikar og ekstremt kranglete. Likevel er han politiet sitt einaste håp. Berre eitt problem. Willy Wakum er død. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Vindens navn

000 vindensForfattar: Patrick Rothfuss
Sider: 877
Serie: Kongedreperkrøniken.
Genre: Fantasy.
Forlag: Bazar Forlag AS.
Utgjevingsår: 2012
Oversetter: Morten Hansen

I Rothfuss» verd er Kvothe eit namn alle kjenner til. Store bragder og hendingar er knytt opp til dette namnet. I eit forsøk på å gøyme seg har Kvothe tatt namnet Kote og opna eit vertshus i utkanten av sivilisasjonen. Men store ting er sett i rørsle og han må kanskje ta opp kampen igjen. Ein dag kjem ein krøniker på besøk og finn ut den verkelege identiteten til Kote. Kvothe går da motvilleg med på å fortelje den verkelege historia om hans liv. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Kakkerlakkene

00000 kakkerlakkeneSjanger: Kriminalroman
Utgjevingsår: 1998
Forlag: Aschehoug & Co
Sider: 352

Kakerlakkene er oppfølgjaren til debutboka «Flaggermusmannen», der Politimannen Harry Hole reiser til Bangkok for å undersøkje mordet på den norske ambassadøren. Han vandrar rundt i opiumshus, horehus og tempel. Harry Hole arbeidar med thailandske kriminaldetektivar som han dannar nærare kjennskap til. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Kompani Orheim

000 orheimForfattar: Tore Renberg
Sjanger: Roman
Forlag: Oktober
Utgitt: 2005
Eg har lese oppvekstromanen «Kompani Orheim» av Tore Renberg. Det er den andre boka, av fem, i serien som fortel om livet til Jarle Klepp. Den første boka i serien er «Mannen som elsket Yngve», men viss ein skulle fylgt livet til Jarle i kronologisk rekkefylgje, er det «Kompani Orheim» som tek føre seg oppveksten hans i Stavanger. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Etterfølgelse

Forfattar: Dietrich Bonhoeffer000 etterfølgelse
Forlag: Luther Forlag
Utgjevingsår: 2010
Sjanger: Protestantisk teologi
Sidetal: 277

Etterfølgelse er ei bok om kallet kristne har til å følgje Jesus. Bonhoeffer brukar første del av boka til å kritisere kristne som utnyttar det han kallar «billig nåde» som ei unnskyldning til å sette Jesus på sidelinja. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Alt jeg sier er sant

Forfattar: Lisa Bjärbo0000 alt

Forlag: Cappelen Damm
År: 2013
Sidetal: 231

 

«Alt jeg sier er sant» er ei ungdomsbok som passar for deg mellom 13 og 17 år. Eg valde denne boka fordi eg, som mange andre, følte eg kunne kjenne meg att i handlingane og ikkje minst tankane til den skuleleie og uvitande Alicia. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel