Dager med blå himmel


last ned (1)
Forfattar: Jennifer Niven

Originaltittel: All The Bright Places

Omsett av:  Eli-Ann Tandberg

Forlag: Schibsted

Utgjevingsår: 2015

Sjanger: ungdomsroman

Sider: 381

I romanen «Dager med blå himmel» av Jennifer Niven får ein lese om Violet Markey og Theodore Finch som møter kvarandre på ei hylle av klokketårnet på skulen. Begge vurderer sjølvmord. Finch slit med depresjonar og har ein stor fasinasjon for døden. Violet slit med post-traumatisk lidelse etter ho og systera var i ei bilulykke som tok livet av systera. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Camorraland

For9788202362638fattar: Mariangela Cacace Di Fiore

Sidetal: 224

Sjanger: Dokumentar

Forlag: Cappelen Damm

Utgivingsår : 2011

 

Camorra er namnet på den største mafiaorganisasjonen i Italias gater, med sentrum i byen Napoli. Mariangela tek oss med inn i Camorraland, som viser oss eit skremmande bilete av eit system som påverkar alt å alle i samfunnet. Vi får møte korrupte politikarar, camoristar, politi og journalistar som kjempar for livet. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Eragon

Eragon_book_coverSerie : Arven

Forfattar : Christopher Paolini

Sjanger : Roman, fantasy

Utgjevingsår : 2001

Eragon begynner med ein 15 år gammal gut, Eragon, som finn ein mystisk blå stein ved foten av eit fjell nær landsbyen hans, Karvahall. Historia finn stad i ei anna verd som heiter Alagesia, som blir herska av ein gal konge med namn Galbatorix. Når Eragon har lite hell med å få solgt steinen sin, blir han ein dag vitne til at ein drage klekkast frå «steinen». Dette blir starten på ein lang reise der Eragon vil lære om romanse, vennskap, sorg, tap og offer. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Dystopia 3

Forfattar: Dystopia3Terje Torkildsen
Forlag: Samlaget
Sjanger: Spenning, dystopier og krim
Sider: 180
Utgivelse: 2014

I Dystopia møter vi dei fire ungdommane Scott, Victor, Deepika og Kristine igjen, som har klart å overleve flukta frå England. I denne boka har gjengen kome til Belgia. Deepika er sjuk og dei møter eit forferdelig uvêr. Gjengen må derfor søke ly i eit gammalt slott. På slottet bur det fleire menneske, men dei har knapt kome seg innanfor slottsparken før folk byrjar å døy rundt dei. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Hobbiten

Forfatt239764_origar: J.R.R. Tolkien

Forlag: Tiden Norsk Forlag

Sjanger: Fantasy

Utgjevingsår: 1937

Hobbiten boka handlar om ein hobbit kalla Bilbo Lommelun. Det begynner med at han ein dag sit utanfor huset sitt, der han plutseleg får uventa selskap av trollmannen Gandalf. Gandalf er på utkikk etter ein hobbit som vil bli med ut på eit eventyr. Bilbo takkar høflig nei, men Gandalf har allereie bestemt seg. Gandalf lagar eit merkeleg lysande merke på døra til Bilbo før han drar sin veg. Seinare på kvelden bankar det på ved Bilbo sitt hus, og det kjem dvergar, ein etter ein. Til slutt kjem Gandalf og forklarar korleis dvergane fann vegen hit. Dvergane og Gandalf et mykje god mat i mens dei syng og diskuterer, der Bilbo går rundt omkring nervøs og fortvila. Dvergane startar å rydde, og dei syng. Når alt er ferdig set dei seg rundt bordet og begynner å snakke om eventyret. Dei forklarer at dei treng ein innbrotstjuv som kan hjelpe å ta tilbake ensomhetsfjellet frå draken Smaug. Men Bilbo takkar nei, han seier at om dei er på utkikk etter folk som vil bli med på eit eventyr, så har dei kome til feil plass. Men til slutt takkar han ja, og blir med på denne reisa. Under dette eventyret dei nettopp begir seg ut på, vil dei møte fare og skapningar som vil ta dei. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Battle

ForBattle Maja Lundefattar: Maja Lunde

Forlag: Kagge Forlag AS

Sjanger: Ungdomsroman

Sider: 232

Utgjeve: 2014

 

Amalie er den 16 år gamle vestkantjenta som har alt. Ho er veltrent, velkledd og veldig vakker. Ho har også ein kjekk kjæraste og eit stort dansetalent.

Amalie lever rett og slett det perfekte liv, heilt til den dagen alt rasar frå kvarandre. Faren har blitt konkurs, og dei må flytte til ghettoen i Øst Stovner. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Harry Potter og de vises stein

Originaltiimagesttel: Harry Potter and the Philosopher’s Stone
Forfattar: J.K. Rowling
Omsettar: Torstein Bugge Høverstad
Forlag: Cappelen Damm
Sjanger: Fantasy
Sider: 281
Utgjevingsår: 1997 (2000 i Noreg)

«Harry Potter og de vises stein» er den fyrste boka i serien om Harry Potter. Harry Potter er ein ung gut som har budd saman med tanta og onkelen sin så lenge han kan hugse. Dei behandlar han som ein tenar, og får han til å sove i eit kott under trappa. Ting endrar seg imidlertid for Harry på 11-årsdagen hans, då halvjøtulen Gygrid fortel han at han er ein trollmann, og invitera Harry til Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Faen ta skjebnen

Forfattar:Faen ta skjebnen John Green

Sider: 335

Sjanger: Fiksjon

Forlag: Gyldendal

Utgjevingsår: 2013

Oversetter: Stian Omland

 

“Faen ta skjebnen” handlar om livet til 16 år gamle Hazel Grace Lancaster. Tidleg i boka bestemmer mora seg for at Hazel er deprimert, så ho blir tvinga til å gå i ei støttegruppe for kreftsjuk ungdom. Det er her hennar første møte med Augustus Waters er. Hazel har visst frå dagen ho blei diagnotisert at ho ikkje kjem til å overleve. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Der solen går ned

 

Forfattar: Bah9788241906244a Tahir

Forlag: Vigmostad Bjørke

Oversett av: Unn Gyda Næss

Utgjevingsår: 2009

Vinnar av den arabiske booker-prisen.

 

Mahmud al-Zahir kjem i konflikt med myndigheitene i Egypt, og vert sendt til den isolerte og fjerntliggjande oasa Siwa, for å ta rolla som skatteoppkrevjar der. Han veit at det er uro i oasen, og at han ikkje er velkomen. Mahmud al-Zahir er anklaga for å vere illojal mot både dei egyptiske myndigheitene og dei britiske kolonimyndigheitene. På grunn av mangelfullt bevismateriale kan ikkje myndigheitene fengsle han, so dei sender han til Siwa-oasen i staden. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

De forsvunne barna

 

9788204152664Forfattar: Jørn Jensen

Forlag: Cappelen Damm

Utgjevingsår: 2008

Serietittel: Kaldt blod

“De forsvunne barna” er ei barne/ungdomsbok som passar for både jenter og gutar frå 10-årsalderen og oppover. Eg valde boka fordi eg ville ha ei bok som ikkje var så veldig lang og som var lett å lese. Då var denne boka perfekt.

Vi får bli kjent med søskena Simone og Tobias som bur i ein liten by der ni barn har blitt kidnappa. Dei blir kjende med nabomannen som nettopp har flytta inn i huset ved sida av. Han fortel dei at han er blind og Simone og Tobias hjelper han med diverse ting som han ikkje får til sjølv, nesten kvar dag. Les meir

Lagt inn i Bokmeldingar | Med merkelapp | Legg att eit innspel