Skulebiblioteket

Biblioteket

Biblioteket ligg sentralt i administrasjonsfløya i øvre bygget, med inngang ned trappa frå vestibylen.

Biblioteksoek

Bibl425_large 

Biblioteket er skulen sin studiestad til bruk både for elevar og lærarar og stiller eit variert tilbod til disposisjon. I biblioteket kan du finne fagstoff til stilar, prosjektarbeid, fordjuping osv. Her kan du gjere lekser, drive gruppearbeid, bruke leksika og andre oppslagsverk. I tillegg kan du lese bøker, aviser og tidsskrift og sjølvsagt låne bøker med heim.

cropped-bibliotek.jpgBibliotekar Heidi Holen

 

Opningstid:

Måndag-fredag: 8.00 -15.30

Du kan kontakte biblioteket via e-post:  bibliotek@volda.vgs.no , sende personleg melding på Fronter eller ringe 70059310.

Spør bibliotekaren når du treng rettleiing og hjelp til å finne fram. I tillegg til søking i eigne samlingar, kan du få hjelp til å søke i ulike databasar og på internett ved behov.

På Fronter er det eit eige rom som heiter Bibliotek. Under Arkiv finn du stoff om lånereglar, samlingar og brukaropplæring m.m.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *