Eleanor og Park

Ein spennande og komplisert kjærleiksromanroman

Bokfakta:

Rainbow Rowell: Eleanor og Park

Fontini, 2013

Kjærleiksroman

364 sider

                                     ISBN: 978-82-93346-00-5

Forfattaren Rainbow Rowell vart født den 24. februar 1973. Ho bur i Omaha, Nebraska med familien sin. Bøkene ho skriv er for ungdom. Ho har skreve bøkene «Fangirl», «Eleanor og Park», «Carry on», «Attachments» og «Landline». Boka «Eleanor og Park» vart kåra til ein av dei ti beste bøkene i 2013 av Amazon.

Romanen «Eleanor og Park» handlar om Eleanor og Park sine vansklege liv. Når dei er saman stoppar verda omkring dei, og dei har ein stad dei berre kan vere seg sjølve. Vanlegvis har ingen av dei særleg mange vener. Eleanor har ein streng stefar som har kasta henne ut før, og ho veit han kan finne på å gjere det igjen. Park har ein far som klagar over at Park er pysete, men det stoppar når han hamnar i ein slosskamp for å forsvare Eleanor.

Eleanor er seksten år og eigentleg dansk. No bur ho hos mora, stefaren og søskena hennar i Omaha. Ho har langt, krøllete, rødt hår og bleik hud med fregner. Eleanor blir mobba av dei andre på skulen, og heime blir ho kjefta på av stefaren Richie. Ho tenker for det meste på Park, eller ikkje berre for det meste, men heile tida.

Park er halvt koreansk og seksten år. Han har svart hår og gyllen hud. Faren hass vil at han skal være meir som broren Josh, men Park er ikkje sånn. Park er mjukare og roligare. Etter at han havnar i ein slåsskamp på skulen skiftar faren meining, samstundes som han er litt skuffa over at Park brukte kampsportferdigheitene sine til noko anna en sjølvforsvar, men når Eleanor vart behandla dårlig av dei andre på skulen følte Park at han måtte gjere det.

Boka foregår for det meste på skulebussen og på skulen i starten, men etterkvart meir heime hos Eleanor og Park. På skulebussen er det mykje bråk kvar dag og dei «kule» bak i bussen kallar Eleanor mykje stygt. Heime hos Eleanor er det stille når den fulle stefaren hennar ikkje er heime, men når han er der gret mora, mens ho og søskena ligg samankrøpne i den øvste køya. Hos Park får han for det meste vere i fred. Mora lagar god asiatisk mat og faren er for det meste på jobb.

Vi får sjå handlingane gjennom Eleanor og Park. Dei vekslar på å fortelle det som skjer og vi får to synsvinklar på fleire av handlingane. Det fungerar veldig bra. Oppbygginga er god med starten først så hovuddelen og slutten til sist. Det likte eg veldig godt, for då verte det veldig oversiktlig og lett å følgje med. Boka er lett å lese, for språket er bra tilpassa ungdom. Jeg likte orda og uttrykka forfatteren brukte for dei godt er tilpassa mitt ordforråd . Språket passar veldig godt til mottakarane.

Boka får meg til å tenkje at ikkje alle har det like bra, og at sjølv om folk smiler kan dei ha det veldig vanskelig. Denne boka passar for alle ungdommar. Andre bør lese denne boka for det er interessant å sjå andre sine liv og i denne boka får du sjå fleire ulike personar i ulike situasjonar som ikkje har det like bra.

Eg ville ha gitt boka terningkast 5+ for den var bra, men eg er ikkje så glad i denne bok-sjangeren.

Kilder:

https://en.wikipedia.org/wiki/Rainbow_Rowell

http://www.amazon.com/Rainbow-Rowell/e/B0042IIWBU

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *