La det snø

last nedLa det snø

-Én jul. Tre kjærlighetshistorier

Forfattarar: John Green, Maureen Johnson, Lauren Myracle

Sjanger: Ungdomsroman

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS

Utgitt: 2015

 

Tenk ”Love Actually”. Tenk det beste amerikansk ungdomslitteratur har å by på. Tenk John Green! Jul, overveldande mengder snø, og tilsvarande mengder ekte romantikk. LA DET SNØ!

Eit utrulig fengande samandrag som med ein gong vekkjer lesaren si interesse, for å ville lese desse tre utruleg bra vinterhistoriene. Boka er ikkje for kort og ikkje for lang, så du mister ikkje interesse for å ville lese den. I tillegg er historiene fylt av hendingar som skjer døgnet rundt.

La det snø er ein ungdomsroman med ein samling av tre samanhengande fortellingar som alle utgjer seg under den verste snøstormen på femti år.

Eg anbefaler denne boka på det sterkaste til ungdommar. Den skaper enorm julestemning og er perfekt å lese i ein god stol med ein kopp te. Du kjem til å drøyme deg vekk med spenninga og følelsane desse forfattarane har skapt.

Boka er fylt med romantiske, søte og episke augneblikk. Den er underholdande og veldig munter. For det nakne auget kan den virke litt uinteressant, men denne boka må du ikkje dømme etter coveret. «La det snø» er ein flott måte å bli kjent med nokon av dei største forfattarane innan moderne ungdomslitteratur. Det er kanskje den beste boka eg nokon gong har lest. Trur du meg ikkje, les den og sjå for deg sjølv. Du vil ikkje angre.

 

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *