Jeg har ventet på deg

9788249515233_product_fullForlag: Oktober forlag

Forfattar: Mirjam Kristensen
Utgitt: 2014
Sider: 254
Emne: Kjærleik, 2. Verdskrig, Familiedrama

Målform: Bokmål

 

I ”Jeg har ventet på deg,” møter vi Anna Vårø, som blir fortalt først når bestemora ligg døyande at ho har ei grandtante ho aldri har høyrt om, som endåtil bur i same byen som henne. Bestemora viser henne eit skatoll, som ho må levere til grandtanta. Ho heiter  Paula Therese Olsen, som ikkje har hatt noko kontakt med familien sin sidan ho var 18. Kort tid etter at Anna møter Paula for første gong, døyr også ho, og etterlét seg alt ho eig til grandniesa.

 

Medan ho går gjennom tinga til grandtanta, kjem ho over dagbøker som daterer heilt tilbake til 40-talet. Dei fortel historia til ei ung Paula, som veks opp på ei lita øy på sørlandskysten, saman med mora, og tre systrer.

I nabohuset var eit norsk ektepar på ferie ein periode, saman med fostersonen David, som er jødisk flyktning. Etter at dei møtest for første gong, tilbringer Paula og han kveldane i den engelske hagen i all hemmelegheit, og alt er flott. Heilt til yngste systera til Paula døyr, og mora legg skylda på Paula. Frå denne augneblinken blir alt annleis.

”Jeg har ventet på deg” er eit lappeteppe av brev, tankar, forteljingar og ulike perspektiv, men det er aldri vanskeleg å henge med, eller vite kva som er kva. Det er ein ganske klassisk roman av typen med handling lagt til krigstider, men det er likevel noko som får historia til å skilje seg ut.  Det er ei meisterleg forteljing, som på ein finurleg måte gjer at du sit att med eit smil om munnen, trass i at forteljinga på mange måtar er utruleg sår, og til tider også tragisk.

Det er ikkje ofte eg finn ei bok der eg ikkje har noko å pirke på, og som gir meg lyst til å lese den opp att både ein og fleire gongar, rett og slett fordi stemninga er så fengslande, og fordi kjensla ein sit att med etter å ha fullført er så god.

Boka er i tillegg relativt kort og lettlest, og passar derfor fint for alle, også for dei som kanskje ikkje er så glade i å lese i utgangspunktet.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *