De Uberørbare

9788202479862Forfatter: Ane Bjøru Fjeldsæter

Forlag: Cappelen Damm

Utgitt: 2015

Sider: omlag 222

Boka «De urørbare» er ein feltarbeidars beretning om Ebola. Boka har sterke, ekte historier som er skrive i 1.person. Ho fortel om sine eigne historier, og andre sine. Historiene er så personlege at fleire har valt å ikkje oppgi namna sine. Kva hadde du gjort om nokon skulle skrive ei bok om syster di, som måtte vere inne åleine, isolert frå alt og alle, og som om ho først skulle møte nokon ikkje kunne vere nærare enn 5 meter. Og ikkje nok med det, men faren din stikk i tillegg av, og mora di døyr. Tanta di må komme å ta vare på deg og vere systera di sin føresett, samtidig som dine søskenbarn, hennar to små søner også har fått Ebola, og den eine døde og sjansen for at den andre broren og systera di overlever er svært liten.

Eg syntest boka var veldig spennande sidan eg fekk innblikk i korleis dei har det andre stadar i verda, og eg fekk sjå litt korleis det er å jobbe med dei sjuke og pårørande. Eg såg òg kor strengt det var for ho å fare ut, og komme inn i både vårt og dei andre landa. Historiene, bilda og følelsane hennar gjekk inn på meg og eg respekterer verkeleg alle som stiller opp og hjelper der det trengst. Eg ser spesielt opp til Legar utan grenser.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *