Englefjes

Sjanger: Ro9788252171648man

Forfattar: Ingelin Røssland

Forlag: Samlaget

 

Engel har nettopp fått seg sommarjobb i lokalavisa på Tysnes. Engel er ein person som ganske enkelt klarer å rote seg vekk i andre sitt liv, og endar ofte opp i problem.  Mora hennar er død, og faren hennar er ute på reise stort sett heile tida. Derfor bur ho ilag med mormora, som ikkje akkurat er den skarpaste dama i bygda. Engel er veldig nysgjerrig av seg, og ho har akkurat fått ei oppgåve om å skrive ei sak om Tomtegorgen, en mann som har opna eit nytt hotell. Ho veit at nausta som tilhøyrer han er ulovleg bygd, og ho vil gjerne skrive om dette. Men det får ho ikkje lov til for redaktøren fordi bildebevisa ho har er ulovleg tatt.

Engel finn også ut at mormora røykar hasj, og får beskjed om å fjerne hasjplantene fordi nokon har meldt det til politiet. Engel snik seg også ombord på båten til ordføraren, der Tomtegorgen også oppheld seg. Når dei har kome i land finn ordføraren Engel og prøver å ta henne. Seinare blir ho også innblanda i ein demonstrasjon på kjøpesenteret om nausta til Tomtegorgen, som mormora og vennen har starta sidan Engel ikkje fekk skrive om det i lokalavisa. Dette får alvorlege konsekvensar for Engel.

Engel er ganske røff i trynet og ikkje redd for konsekvensane av det ho gjer. Ho tenker som regel ikkje før ho gjer ting, og det er kanskje derfor ho lagar så mykje styr. Men på grunn av den tøffe stilen hennar og den skarpe personlegheita, gjer handlingane til Engel det ekstra spennande å lese boka.

Til oppsummering er boka ei veldig god å spennande bok. Ho passar veldig godt til ungdom, spesielt jenter.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *