Eragon

Eragon_book_coverForfattar: Christopher Paolini
Sider: 659
Genre: Fantasy, Eventyr
Forlag: Cappelen Damm
Serie: Arven
Utgivelsesår: 2012

Historien finn stad i eit land som heter Alagesia. Alagesia blir stryt av ein gal konge, Galbatorix, som ein gang var ein dragerytter, men dragen hans blei drepen. Når drageriddarane nekta å gi han ein ny drage, blei han gal, og han stal ein drage, Shurikan, og med den erobra han Alagesia. Historia begynner med at ein 15 år gammal gut, Eragon, finn ein mystisk blå stein i ei fjellkjede nær landsbyen han bur i. Han tar med seg steinen til den næraste byen, Karvahall der han oppsøker forskjellige folk og spør om nokon veit kva det er og om han kan få selt den. Heldigvis var det ingen som visste kva det var. Ei natt skjer det noko spesielt med steinen. Det klekkast ein drage frå den. Det viste seg då at steinen ikkje var ein stein, men eit drageegg.
Eragon kallar dragen sin Safira, og gøymer henne i skogen bak huset han bur i. Han kan ikkje fortelje det til nokon, ikkje ein gong dei han bur med. Dragen blir større og større etter kvar dag, men elles klarer han å halde Safira skjult, heilt til to vesen, Ra’zakerar, kjem til Karvahall og begynner å leite etter ein blå stein. Snart finner Ra’zakerne ut at Eragon har steinen, og han og Safira må rømme. Eragon blir ufrivillig med på å ri på Safira, men han skjønar at han ikkje har noko val. Dei gøymer seg i ein skog nær ryggen, men etterkvart skjønar Eragon at han må tilbake til huset for å redde onkelen sin Garmann. Men når dei kjem til huset finn dei ut at huset er øydelagt og at Garmann er dø.
Nå er Eragon ute etter hevn. Eragon, Safira og historieforteljaren i Karvahall Brom, som veit underleg mykje om dragar, drar no på ei reise for å finne Ra’zakane som drepte Garmann. På reisa lærer Eragon om dragar, sverdkamp og magi av Brom. Det er farar rundt kvart hjørne. Alagesia er riktig nok styrt av ein gal konge.
Boka er veldig underhaldande og vanskeleg å legge frå seg. Den startar litt sakte, men litt lengre ut i boka blir det meir spennande. Eg vil anbefale boka til alle som liker Fantasy bøker.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *