Divergent

Divergent_hoForfattar: Veronica Roth

Forlag: Schibsted

Sider: 391

Utgjevingsår: 2013

Sjanger: Fantasy

 

Divergent er den første boka i trilogien der vi følgjer hovudpersonen Beatrice Prior.  Tris lever i et framtidig, dystopisk Chicago, der samfunnet er delt inn i fem fraksjonar som kvar har sine ideal.  Disse gruppene er Candor (dei ærlege), Dauntless (dei modige), Abnegation (dei usjølviske), Amity (dei fredfulle) og Erudite (dei intellegente). Desse gruppene er laga for å skape eit perfekt samfunn.

16åringar går gjennom ein test for å finne ut kva gruppe dei passer best i. Etter dette må dei velje om dei vil bli i deira opprinnelige fraksjon, eller bytte til ein ny og forlate familien sin. I nokon tilfelle viser testen at ein passar inn i fleire fraksjonar, dette kallast Divergent.  Dersom leiarane i samfunnet finn nokon som er Divergent, vil det føre til ein klar død.  Tris Prior tek eit val som overraskar alle. Tris og hennar nye vener må gjennomgå ein ekstrem prosess for å bli ein del av det nye samfunnet.

Ho oppdagar ein trussel som truar med å øydelegge det tilsynelatande fredelege samfunnet. Denne informasjonen kan hjelpe henne å redde dei ho elskar, eller øydelegge dei.

Boka tar opp mange ulike tema, som kjærleik, familie, vennskap, sorg, lidenskap og identitet.  Forfattaren tok meg inn i ei heilt ny verd, og ei fantastisk leseoppleving. Divergent er utan tvil ein av dei beste dystopiane eg har lese, og når eg var ferdig med boka kunne eg ikkje vente med å lese neste bok.

 

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *