Kon-Tiki ekspedisjonen

Kon-Tiki-ekspedisjonen_productimageForfatter: Thor Heyerdahl

Forlag: Gyldendal

Utgivelsesår: 2012

Sjanger: Sakprosa/dagbok

Utgitt: 1948

Sider: 223

I 1947 la Thor Heyerdahl og fem kameratar ut på den farlige flåteseilasen som bar navnet Kon-Tiki-ekspedisjonen. Heyerdahl ville krysse Stillehavet på ei balsaflåte for å bevise at Polynesia kunne ha blitt befolka av søramerikanske indianarar. Ingen trudde han skulle klare det.

I denne boka får du lese om korleis Heyerdahl og mannskapet hans klarte akkurat dette. Du får følgje han frå før ekspedisjonen, til den dramatiske slutten. I denne dagboka fortel han korleis han sette i gong ekspedisjonen, skaffa mannskap, krangla til seg løyve, og ikkje minst, om sjølve flåteferda.

Eit mannskap som reiste 8000 kilometer over ope hav, som fekk til det umulege etter 101 eventyrlege døgn. Vi følgjer dei gjennom stormar, nye opplevingar, frustrasjonar, vanskelege situasjonar, farleg farvatn og sterke vennskap.

Den fantastiske forteljinga om ferda blei først utgitt i 1948 og har sidan blitt lest av generasjonar. Boka er oversatt til over 70 språk.

Boka inneheld Thor Heyerdahls forord frå 1986 og nytt forord av den amerikanske arkeologen Donald P. Ryan.

Denne boka anbefalar eg for folk som likar ei god historie frå verkelegheita. Den er lettlesen og spennande. Sjølv om dei fleste kjenner til historia, er det fascinerande å lese om det intense livet på Kon-Tiki.

Thor Heyerdahl laga også ein dokumentar under reisa, denne fekk Oscar for beste dokumentarfilm i 1950. Historia blei også filmatisert som spelefilm i 2012, denne blei også nominert til Oscar for beste utanlandske film.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *