Dager med blå himmel


last ned (1)
Forfattar: Jennifer Niven

Originaltittel: All The Bright Places

Omsett av:  Eli-Ann Tandberg

Forlag: Schibsted

Utgjevingsår: 2015

Sjanger: ungdomsroman

Sider: 381

I romanen «Dager med blå himmel» av Jennifer Niven får ein lese om Violet Markey og Theodore Finch som møter kvarandre på ei hylle av klokketårnet på skulen. Begge vurderer sjølvmord. Finch slit med depresjonar og har ein stor fasinasjon for døden. Violet slit med post-traumatisk lidelse etter ho og systera var i ei bilulykke som tok livet av systera.

Etter møtet i klokketårnet bestemmer Violet og Finch seg for å jobbe ilag på eit geografi prosjekt, som går ut på å reise gjennom Virginia, som er der dei bur, og finne ut kva området har å by på. Desse eventyra går føre seg gjennom stort sett heile boka, og er med på å skape ei interessant stemning rundt tema som blir teke opp.

Eg personleg likte veldig godt denne boka, sidan den tek opp mange relevante tema som ofte berre blir ignorerte. Boka tek opp mange forskjellige problemstillingar, som å handtere døden og tap, stigmatisering av psykisk sjukdom, mobbing og kjærleik. Måten boka er skriven på, får lesaren til å tenke nøye på det som står på sidene. Ikkje berre er innhaldet i boka bra, men den er veldig bra skrive. Oppbygginga på boka er slik at du bytar på å lese både frå Finch sitt synspunkt og Violet sitt. Med dette får ein veldig godt innblikk i kva som går føre seg i hovuda på begge to, og boka blir med ein gong meir personleg.

Alt i alt er dette ei veldig bra bok, og eg anbefaler alle å lese den. Den gir eit godt syn på mental helse, og ein sit att med mange ulike tankar om både det eine og det andre etter ein er ferdig.

 

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *