Camorraland

For9788202362638fattar: Mariangela Cacace Di Fiore

Sidetal: 224

Sjanger: Dokumentar

Forlag: Cappelen Damm

Utgivingsår : 2011

 

Camorra er namnet på den største mafiaorganisasjonen i Italias gater, med sentrum i byen Napoli. Mariangela tek oss med inn i Camorraland, som viser oss eit skremmande bilete av eit system som påverkar alt å alle i samfunnet. Vi får møte korrupte politikarar, camoristar, politi og journalistar som kjempar for livet.

Mariangela er født i Noreg, men har Italiensk bakgrunn. Faren hennar er Italiensk, og ho har tilbrakt mange somrar i dei tronge gatene i Napoli. I fleire år reiste Mariangela rundt i Napoli og Italia for å lære meir om den Italienske mafiaen. Dette er eit omfattande og modig arbeid, der ho har sett sitt liv på prøve, for å hjelpe til med å eliminere den farlege organisasjonen Camorra.

Første gong ho vart presentert for den italienske mafia, sit ho bak på scooteren til ein som heiter Luca. Han kjører ho rett inn i Camorraland, der ho vert presentert for ulike bossar, klanmedlemmar, mordarar og andre folk som viser seg å vere ein stor del av kaoset. Luca presenterer henne som venn, og ikkje som journalist, noko som ville ha sett ho på svartelista med ein gong. Mariangela viser oss den verkelege kvardagen til innbyggarane. Gjennom heile bok får vi høre kvardagslege historier om verdsomfattande forretningar, alt frå gateplan til politikarar, frå Italia og til Norge.

Eg valde å lese denne boka fordi eg las ein bokomtale om den på ungdomsskulen, noko som gjor meg veldig nysgjerrig. Når eg først begynte å lese, klarte eg ikkje å leggje ho frå meg. Denne gripande dokumentarboka gjer deg rasande og engasjert på ein og same gong. Eg anbefaler ho til dei frå 15 år og oppover. Du ser kor ufatteleg heldig vi er som bur i Noreg, og at vi ikkje treng å leve i frykt på same måte som folket i Napoli.

”Det verste er når du møter ein venn for eksempel på gata eller i ein bar. Og så står man der og snakkar og ler. Men inni deg veit du at det er siste gong du snakkar med han. For dagen etter skal han dø. Og alle veit det, bortsett frå han sjølv” Dette er ein smakebit på den gripande lesaropplevelsen du vil få om du vel å lese denne spennande, triste og unike dokumentarboka om den grusomme kvardagen i Napolis gater.

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *