Eragon

Eragon_book_coverSerie : Arven

Forfattar : Christopher Paolini

Sjanger : Roman, fantasy

Utgjevingsår : 2001

Eragon begynner med ein 15 år gammal gut, Eragon, som finn ein mystisk blå stein ved foten av eit fjell nær landsbyen hans, Karvahall. Historia finn stad i ei anna verd som heiter Alagesia, som blir herska av ein gal konge med namn Galbatorix. Når Eragon har lite hell med å få solgt steinen sin, blir han ein dag vitne til at ein drage klekkast frå «steinen». Dette blir starten på ein lang reise der Eragon vil lære om romanse, vennskap, sorg, tap og offer.

Boka Eragon er den første i serien Arven som består av fire bøker : Eragon, Den eldste, Brisingir og Arven. Sjølv om det tar litt tid før historien verkeleg tar tak i deg, er det verdt det fordi den ikkje gir slepp. Denne boka er noko for deg om du er glad i fantasy eller berre vil ha ei god bok som du kan sitte i godstolen og lese. Boka er skriven på ein slik måte at du berre blir sugd inn i universet som er Eragon. Når du først begynner å lese er det vanskeleg å slutte. Det er ei fantastisk bok der du verkeleg får oppleve god karakterutvikling og variasjon. Eg ville gitt den terningskast 6.

 

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *