Dystopia 3

Forfattar: Dystopia3Terje Torkildsen
Forlag: Samlaget
Sjanger: Spenning, dystopier og krim
Sider: 180
Utgivelse: 2014

I Dystopia møter vi dei fire ungdommane Scott, Victor, Deepika og Kristine igjen, som har klart å overleve flukta frå England. I denne boka har gjengen kome til Belgia. Deepika er sjuk og dei møter eit forferdelig uvêr. Gjengen må derfor søke ly i eit gammalt slott. På slottet bur det fleire menneske, men dei har knapt kome seg innanfor slottsparken før folk byrjar å døy rundt dei.

Det forferdelige uvêret har øydelagt utanfor slottet som gjer at ingen kjem seg nokon veg. Dette er eit stort problem sidan Madeleine, kona til mannen som eig slottet, skal føde, i tillegg til at Deepika er sjuk som gjer at dei treng medisinsk hjelp. Allereie første kvelden på slottet byrjar merkelige ting å skje. Dei finn kokka drept nede på kjøkkenet og Scott og Victor tar saka i eigne hender og prøver å finne ut kva som eigentlig har skjedd, om det var eit sjølvmord eller drap. Etter kvart som fleire byrjar å døy blir alle mistenkte.

Hovudtemaet i boka er først og fremst naturkatastrofer men undertemaa er vennskap og kjærlegheit. Hovudhandlinga er jo at vennegjengen prøver å kome seg heim att til Norge etter naturkatastrofen som ramma dei i England.

Dystopia bøkene kan anbefalast på det sterkaste, spesielt om du liker spennings- og krim-bøker. Både framsida og tittelen er fin. Dystopi tyder ei skildring av et samfunn der dårlige krefter har fått overtak, for eksempel i form av miljøsamanbrot eller kriminalitet. Boka passar godt for ungdom, sidan forfattaren har brukt litt meir ungdommelig språk, og boka er eigna til unge.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *