Hobbiten

Forfatt239764_origar: J.R.R. Tolkien

Forlag: Tiden Norsk Forlag

Sjanger: Fantasy

Utgjevingsår: 1937

Hobbiten boka handlar om ein hobbit kalla Bilbo Lommelun. Det begynner med at han ein dag sit utanfor huset sitt, der han plutseleg får uventa selskap av trollmannen Gandalf. Gandalf er på utkikk etter ein hobbit som vil bli med ut på eit eventyr. Bilbo takkar høflig nei, men Gandalf har allereie bestemt seg. Gandalf lagar eit merkeleg lysande merke på døra til Bilbo før han drar sin veg. Seinare på kvelden bankar det på ved Bilbo sitt hus, og det kjem dvergar, ein etter ein. Til slutt kjem Gandalf og forklarar korleis dvergane fann vegen hit. Dvergane og Gandalf et mykje god mat i mens dei syng og diskuterer, der Bilbo går rundt omkring nervøs og fortvila. Dvergane startar å rydde, og dei syng. Når alt er ferdig set dei seg rundt bordet og begynner å snakke om eventyret. Dei forklarer at dei treng ein innbrotstjuv som kan hjelpe å ta tilbake ensomhetsfjellet frå draken Smaug. Men Bilbo takkar nei, han seier at om dei er på utkikk etter folk som vil bli med på eit eventyr, så har dei kome til feil plass. Men til slutt takkar han ja, og blir med på denne reisa. Under dette eventyret dei nettopp begir seg ut på, vil dei møte fare og skapningar som vil ta dei.

Eg synest at denne boka var heilt super for min del. Den har alt eg nokon gong har interessert meg i som for eksempel drakar, mange unaturlege skapningar, magi, utruleg fin natur, og mykje anna. Dess meir du lese dess meir vil du lese, du går aldri lei. Eg vil anbefale den til alle som kan og lese, og er interessert i ei eventyrfull bok.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *