Battle

ForBattle Maja Lundefattar: Maja Lunde

Forlag: Kagge Forlag AS

Sjanger: Ungdomsroman

Sider: 232

Utgjeve: 2014

 

Amalie er den 16 år gamle vestkantjenta som har alt. Ho er veltrent, velkledd og veldig vakker. Ho har også ein kjekk kjæraste og eit stort dansetalent.

Amalie lever rett og slett det perfekte liv, heilt til den dagen alt rasar frå kvarandre. Faren har blitt konkurs, og dei må flytte til ghettoen i Øst Stovner. Ingen må få vite det, ho må holde det skjult, det er jo berre for ei lita stund. Men dagane går. Amalie held fatninga, men mangel på pengar, og vanskar med å få trent ofte nok går ut over vennskap, skule og dans. Ho kan ikkje forklare situasjonen til venner og kjæraste, dei vil ikkje kunne forstå, i vert fall ikkje godta. Så ho trekkjer seg unna.

 

Men så blir ho tiltrekt av Mikael, ein av Stovners beste hip-hop dansarar. Ho føler ho har ein unik kontakt med Mikael, trass i dans, ulikheiter og fordommar. Dette kan ho heller ikkje fortelje til nokon, med tanke på at ho faktisk har ein kjæraste heime. For første gong i sitt liv blir Amalie tvungen til å stole på sine eigne følelsar og kanskje til og med vise verda kven ho eigentlig er.

 

Eg synest boka var kjempebra. Den var veldig realistisk, og ein klarer å leve seg skikkeleg inn i den. Eg følte heile tida at eg var i situasjonen til Amalie, og det var lett og forstå kva personane følte og tenkte. Boka dreg oss rett inn i handlinga, og vi blir fort kjent med folka og livet deira.
Eg vil anbefale denne boka til ungdommar, både jenter og gutar. Ein må like å lese om kjærleik og dans. Men sjølv om det er ei bok om dans, trenger ein ikkje å danse på fritida for at ein skal synast at boka er spennande.

 

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *