Harry Potter og de vises stein

Originaltiimagesttel: Harry Potter and the Philosopher’s Stone
Forfattar: J.K. Rowling
Omsettar: Torstein Bugge Høverstad
Forlag: Cappelen Damm
Sjanger: Fantasy
Sider: 281
Utgjevingsår: 1997 (2000 i Noreg)

«Harry Potter og de vises stein» er den fyrste boka i serien om Harry Potter. Harry Potter er ein ung gut som har budd saman med tanta og onkelen sin så lenge han kan hugse. Dei behandlar han som ein tenar, og får han til å sove i eit kott under trappa. Ting endrar seg imidlertid for Harry på 11-årsdagen hans, då halvjøtulen Gygrid fortel han at han er ein trollmann, og invitera Harry til Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom. Gygrid fortel også at foreldra til Harry blei myrda av ein vond trollmann med namn Voldemort då Harry var liten. Voldemort prøvde å drepe Harry også, men klarte det av ukjente årsaker ikkje. Ingen har sett Voldemort sidan.
På Galtvort får Harry vener for fyrste gong og livet hans blir betre enn nokon gong. Eit drapsforsøk på Harry gjer likevel at kvardagen blir snudd på hovudet, og venene må prøve å finne svaret på mysteriet. Kven sto bak drapsforsøket? Kvifor vil nokon drepe Harry? Og kva har Voldemort med alt dette å gjere?
Rowling har skrive ein briljant roman som er elska av både barn og vaksne over heile verda. Historia om den unge guten klarer å gripe lesarar i alle stadium av livet, sjølv om den i utgangspunktet er tenkt til barn. Den er gripande frå start til slutt, og eg vil anbefale den til alle som likar fantasy-bøker.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *