Faen ta skjebnen

Forfattar:Faen ta skjebnen John Green

Sider: 335

Sjanger: Fiksjon

Forlag: Gyldendal

Utgjevingsår: 2013

Oversetter: Stian Omland

 

“Faen ta skjebnen” handlar om livet til 16 år gamle Hazel Grace Lancaster. Tidleg i boka bestemmer mora seg for at Hazel er deprimert, så ho blir tvinga til å gå i ei støttegruppe for kreftsjuk ungdom. Det er her hennar første møte med Augustus Waters er. Hazel har visst frå dagen ho blei diagnotisert at ho ikkje kjem til å overleve. Augustus er også kreftsjuk, og på grunn av kreften har han eit amputert bein. Dei begge veit at sjansen for at dei lever til dei er gamle er svært lite sannsynleg. Men dei likar kvarandre. Etter kvart meir og meir.

 

Hazel vil ikkje sleppe Augustus for nær seg, for ho er redd for å såre Gus ettersom ho veit ho ikkje har lenge igjen å leve. Gus meiner at ein kan velje kven som sårar han, og han har valt henne. For Hazel´s skuld har ho aldri følt seg så levande som ho gjer no, etter å ha møtt sin store kjærleik.

 

Augustus bruker sitt kreft-ønske på å reise til Amsterdam ilag med Hazel. Dei reiser hit på grunn av favorittboka til Hazel, og som ho har vist Augustus. Hazel har eit par spørsmål når det gjeld slutten på boka. Så då reiser dei til Amsterdam. Her opplever dei litt av kvart, og dei vil alt anna enn å reise heim.

 

Dette er ein roman om liv og død. Denne boka kan få deg til å le eller gråte. Måten John Green skriv på er spennande å lese. Dette er fordi han ikkje legg noko skjul på sannheita, i tilegg har han ein humoristisk skrivestil. Det som gjer boka ekstra bra, etter mi meining, er at boka er skrive i minne om Esther Earl som tapte sin kamp for kreft.

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *