Der solen går ned

 

Forfattar: Bah9788241906244a Tahir

Forlag: Vigmostad Bjørke

Oversett av: Unn Gyda Næss

Utgjevingsår: 2009

Vinnar av den arabiske booker-prisen.

 

Mahmud al-Zahir kjem i konflikt med myndigheitene i Egypt, og vert sendt til den isolerte og fjerntliggjande oasa Siwa, for å ta rolla som skatteoppkrevjar der. Han veit at det er uro i oasen, og at han ikkje er velkomen. Mahmud al-Zahir er anklaga for å vere illojal mot både dei egyptiske myndigheitene og dei britiske kolonimyndigheitene. På grunn av mangelfullt bevismateriale kan ikkje myndigheitene fengsle han, so dei sender han til Siwa-oasen i staden.

For å skjerme kona si, Catherine, prøver han å nekte henne å vere med ut i ørkenen. Ho på si side insisterer på å støtte mannen sin og ta del i reisa. Ho har eit håp om at det skadelidande ekteskapet deira skal forbetre seg. I Siwa-oasa føler Mahmud seg klemd mellom to fiendtlege partar. Catherine sitt vestlige blikk på det strengt tradisjonelle samfunnet, og hennar interesse for dei arkeologiske utgravingsområda i oasen, skaper djupe konfliktar med både urbefolkninga og ektemannen.

Baha Tahir framstiller eit overbevisande bilete av eit samfunn som er i krig med seg sjølv, og eit ekteskap som går i oppløysing på grunn av kulturforskjellar, utruskap og kvinnesyn. Der solen går ned er ein roman om eit komplekst og vanskeleg kjærleiksforhold, og ei studie i makt, okkupasjon og opprør. Ein av tinga som gjer denne romanen god, er at den dekker mange ulike tema, samtidig som alt er relevant til historia om Mahmoud og Catherine si reise.

Baha Tahir har fått med mykje om gammal egyptisk kultur, overtru og religion samtidig som han har fortalt ei historie om ein mann, kona hans og ein vanskeleg epoke i deira liv. Tahir har på mange måtar brukt Mahmoud og Chaterine som eit verkemiddel, for å fortelje om den gamle egyptiske kulturen, og både fordelane og ulempene kulturen ber med seg. Eg vil tilråde denne boka for alle som er interesserte i kultur, religion og/eller politikk.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *