De forsvunne barna

 

9788204152664Forfattar: Jørn Jensen

Forlag: Cappelen Damm

Utgjevingsår: 2008

Serietittel: Kaldt blod

“De forsvunne barna” er ei barne/ungdomsbok som passar for både jenter og gutar frå 10-årsalderen og oppover. Eg valde boka fordi eg ville ha ei bok som ikkje var så veldig lang og som var lett å lese. Då var denne boka perfekt.

Vi får bli kjent med søskena Simone og Tobias som bur i ein liten by der ni barn har blitt kidnappa. Dei blir kjende med nabomannen som nettopp har flytta inn i huset ved sida av. Han fortel dei at han er blind og Simone og Tobias hjelper han med diverse ting som han ikkje får til sjølv, nesten kvar dag.

På grunn av kidnappinga har barna i byen fått strenge beskjedar om at dei bl.a. må gå i små gjengar om dei skal nokon plass. Sidan den delen Simone og Tobias bur i er den einaste plassen det ikkje har blitt kidnappa barn frå, er dei ekstra utsett. Ein dag då Tobias gjekk heim frå skulen såg han ein stor, svart varebil som kjørte rundt i gata. Kidnapparane prøvde å ta han og Tobias blei livredd og sprang alt han kunne heim. Når han kom heim fortalte han det til mora og ho ringte politiet. Han fekk seinare vite at ein kompis av han har blitt kidnappa.

Seinare då Simone var på besøk med Johan, nabomannen, oppførte han seg veldig rart. Ho måtte ned i kjellaren hans å koste opp noko han hadde sølt. Johan kom bak Simone og ho snudde seg og såg på han. Ho fann ut at Johan aldri var blind og han var ikkje den personen vi trudde han var.

Eg syntest at boka var veldig spennande og den passa godt for meg som ikkje les så veldig mange bøker.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *