Martin Ødegaard

Forlag: Publicomslagom
Forfattar: Michael Qureshi
Original tittel: Martin Ødegaard
Utgjevingsår: 2015
Format: Bok
Sidetal: 207
Terningkast: 5

«Martin Ødegaard» er ei bok om det unge fotballtalentet, Martin Ødegaard. Her følgjer vi reisa hans frå ein småklubb i Drammen til tippeligalaget, Strømsgodset, og til slutt ein av verdas største fotballklubbar, Real Madrid. Allereie frå tidleg av, såg Hans Erik Ødegaard (far til Martin) at guten hadde eit unikt talent. Martin voks opp i eit av dei finare strøka i byen Drammen, der husa er over gjennomsnittleg store. Kvar dag etter skuletid og i helgene møttest han og kompisane på fotballbana «Kjappen» og spelte i fleire timar. Ofte drog han og aleine. Dette og med hjelp av pappa Ødegaard, som er tidlegare Godset-spelar, har gitt gode resultat. 12 år gammal blei han kåra til beste spelar i ei U-16 turnering for Noregs beste spelarar i denne årgangen, og allereie som 13-åring byrja han å trene jamleg med Strømsgodsets fyrstelag. I 2014 rykka han opp på permanent basis. Året etter fekk han sin debut på landslaget i ein EM-kvalik mot Bulgaria og blei med det tidenes yngste spelar i ein EM-kvalik. Klubbar som Bayern München, Manchester United, Barcelona, Liverpool og Real Madrid fikk auge på dette stortalentet og var veldig interesserte og sende agentar på kampar for å spionere. Ødegaard kunne velje og vrake blant dei store klubbane. Vidare følgjer vi Martin og reisa ut i Europa. Dette er berre det første kapittelet i fotballtalentets liv.

Her i landet har Martin blitt som ein ambassadør for Noreg. Ein representant, og det første mange tenkjer på når dei høyrer ordet «Noreg». Tv-kanalar kjempa om kven av dei som skulle få sende kampane til Ødegaards nye lag. Dette i seg sjølv viser den store interessa for Martin her i landet.

Denne boka er ganske lettlest og inneheld mykje bilete, altså ikkje noko tungt lesestoff. Boka er skriven av ein utanforståande person, altså ikkje Martin sjølv. Forfattaren har ikkje møtt Martin personleg, og innhaldet i boka byggjer på informasjon frå forskjellege medie og personar rundt han. Så ein person som har følgt nøye med om kva som har blitt skreve om Martin, vil ikkje finne så mykje nytt stoff her, men boka er ei god oppsummering på det som har skjedd hittil i fotballkarrièren hans.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *