De dødes tjern

Forfatter: Anlast neddré Bjerke (psevdonymet er Bernhard Borge)
Sjanger: Krim og Grøsser
Utgjevingsår: (1942) Denne utgava er fra 2001
Forlag: De Norske bokklubben A/S
Sider: 172

Handling
Kriminalfortattaren Bernhard Borge, hans kone Sonja, Kai Bugge, Gabriel Mørk, Harald Gran, Lilijan Werner og Lennsmannen Bråten skal bu på Daumannshytta som ligg ved blåtjernet inn i ein mørk og forlatt skog opp i Østerdalen. Rykte seier at den tidlegare eigaren av hytta, Tore Gruvik, går igjen rundt tjernet, etter han drepte søstera si på grunn av sjalusi. Gruvik senka Søstera og mannen hennar i Blåtjernet, og dei blei aldri funne. Tjernet skal visstnok både vere botnlaust og ha eit spesielt dragsug på menneske. Årsaka til at dei bestemmer seg for å reise til denne einsame hytta er at vennen deira, Bjørn Wegner, har brukt hytta tre veker aleine til jakt, og no har ingen høyrt noko frå han. Det viser seg at Bjørn er sporlaust forsvunne, og dei finn ikkje er noko livsteikn til han. Medan dei leitar etter Werner i den forlatte skogen skjer det en del mystiske ting som først kanskje ikkje ser ut til å ei heilt naturlig forklaring.
Boka er lett basert på psykoanalysen som kan enkelt forklarast ved at vi blir påverka av traume og vonde ting ein har oppelevd tidlegare . Ein tenkjer kanskje ikkje over det, men det ligger i underbevisstheita til kvar enkelt person. Personlig syntes eg dette er ei av dei beste krimbøkene eg har lese. Boka er spennande frå første stund, og byggjer seg opp gjennom boka. Handlinga er skildra på ein god måte, som gjorde at eg danna meg eigne bilete, og det førte til at det blei vanskelig å legge frå seg boka. Språket var stort sett enkelt å forstå, sjølv om boka blei skrive heilt tilbake til 1940-åra. ”De dødes tjern” vil eg med andre ord anbefale til alle som likar spennande krimbøker, der ein får leve seg inn i nifse og skumle situasjonar.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *