Null

Sjanger: Ronullman

Forfattar: Gine Cornelia Pedersen

Forlag: Oktober 2013

Vann Tarjei Vesaas Debutantpris 2013

Det første eg la merke til med boka var at setningane er korte og utan punktum. Sidan eg ikkje les bøker til vanleg, tok eg den fordi det såg ut som den var lett å lese. Og det var den. Dette kallar vi for ein «listeroman», som har eit jamn høgt tempo heile vegen. Det er nesten umogleg å stoppe å lese før du har lest ut eit kapittel fordi det skjer noko heile tida. Dette representerer også tankemåten til hovudpersonen i boka.

Vi får vere med på ei tøff, gal og rar dame si reise gjennom livet frå når ho er 10 til ho blir 26 år. Ho slit med psykiske sjukdommar som er grunnane til at ho gjer og seier ting før ho tenkjer over dei. Vi får også med oss hallusinasjonane og vrangførestillingane ho opplever. Det finst ikkje ei grense i denne boka. Forfattaren flettar inn humor inn i setningane, tross for alt det tragiske som skjer.

Då eg las ferdig dei 184 sidene låg eg igjen med rare kjensler. Eg ville le og grine samtidig. Eg visste ikkje kva eg skulle føle eller tenkje. Det einaste eg var sikker på var at eg likte denne boka kjempegodt, og eg hadde lyst til å fortelje om den til andre. Eg anbefaler alle å lese denne fantastiske og ville boka!

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *