Himmelen er på or’ntli

av Todd Buhimmelen_er_på_orntli_1210_bd0_origrpo (med Lynn Vincent)

Originaltittel Heaven is for real

Forfattar Todd Burpo

Omsett av Ellen Ofte Jakobsen 

Forlag Hermon Forlag

Utgjevingsår 2012

Sider 185

Bokomtale

Denne boka er til å anbefale når du er ute etter å setje deg ned med ei god bok i ein stol. Boka handlar om tre-fire år gamle Colton Burpo , som overlevde sprukken blindtarm. Familien er overlukkelege over mirakelet, men det som ventar dei i månadane etterpå er dei ikkje førebudde på.

Colton endar opp på operasjonsbenken etter ein lang periode med smerter, feber og sjukdom. Faren, Todd, er prest og er sint på Gud, fordi Colton har gjennomgått så mykje vondt og no er døden nær. Han er ekstra opphissa, fordi han hadde mista eit barn tidlegare òg.

Boka er basert på ei sann historie om Colton si utrulige forteljing om et besøk i himmelen. I følgje den vesle guten, reiste han til himmelen samtidig som han vart operert på sjukehuset. Foreldra hadde vanskeleg for å tru på alt Colton fortalte, men skjønte snart at dette ikkje var oppspinn eller berre noko han hadde høyrt på søndagsskulen. Det som verkeleg fekk dei til å bli merksame, var når dei høyrte sonen fortelje at han såg kva dei gjorde mens han låg på operasjonsrommet.

Colton fortel både om korleis det ser ut i himmelen, om alle fargane og kven som er der. Han fortel at han møtte både bestefaren og systera i himmelen. Colton har aldri møtt bestefaren sin, og hadde ikkje ein gong blitt fortalt at han hadde ei anna syster, i tillegg til den eldre systera han har. Mora var ramma av spontanabort, og visste ikkje ein gong at barnet var ei jente.

Himmelen er på or´ntli” er sett i frå eit barn sitt synspunkt og perspektiv. Den kan vere ei hjelp til forsikring for barn om at himmelen er ein vakker og trygg stad. Boka er spennande, og overbevisande om at himmelen faktisk er på ekte.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *