Busemannen

Forfattara2391535cc1e2aec4df0d6b0b5e8c604ff800138cba6df2dc5b9b23f0r: Knut Nærum, Elisabeth Botterli, Askild Hagen, Jørgen Mehren og Peder Udnæs

Forlag: Cappelen Damm

Sjanger: Humor, krim

Sider: om lag 350

Utgjeve: 2013

Ein krimforfattar blir funnen død i sin eigen heim. Drapsvåpenet viser seg å vere ein Fjordland-middag. Det blir raskt konkludert at drapet er utført av ein seriemordar, og snart er ingen krimforfattarar i Oslo trygge. Den nye Kripos-sjefen er nesten for god til å vere sann, og kanskje er han det også? Det er berre ein person som kan finne ut kven mordaren er. Den tøffe og kalde Willy Wakum er alkoholikar og ekstremt kranglete. Likevel er han politiet sitt einaste håp. Berre eitt problem. Willy Wakum er død.

Busemannen”, som m.a. er skrive av komikar Knut Nærum, ber preg av nett det. Sjølv om boka er krim, så er ho likevel morosam, og forfattarane spelar mykje på Jo Nesbø sine Harry Hole-bøker. Dette gjer at eg som ikkje har lest noko av bøkene hans før, nokre gonger opplever at vitsar og liknande går over hovudet til ein. Det er ei stund sidan eg las denne boka, men etter mi meining er ho korkje spesielt vanskeleg eller tung å lese. ”Busemannen” spelar på overdriving av den klassiske krimformelen og er generelt gøyal. Ordspela og augeblikka med humor er treffande. Historia er underhaldande og spennande, men for min del vart ho litt langdryg og innehaldt litt vel mykje av det gode. Karakterane er sånn passe lette å like, men ein får ikkje noko personlig forhold til dei.

Likevel er ”Busemannen” verd å lese om ein har lest Jo Nesbø, likar krim eller eit fint tidsfordriv på ferie eller liknande. Ein bør også ha ein viss peiling på ulike norske krimforfattarar for å kunne følgje med på akronyma og humoren baserer seg veldig på at ein har i alle fall lest ei eller to krimbøker før. Dette er etter mi meining ei heilt middels bok. Ho er til tider veldig morosam, men nokre gonger er ho, som nemnt tidlegare, litt vanskelig å skjønne alle vitsane i, og ho kan vere litt lang. Likevel tek ho mykje av det typisk norske på kornet. Eit døme på dette er dette sitatet:
Sanna Selbu likte ikke å se fattige mennesker rett i øynene. Derfor så hun bort da kabinpersonalet på Norwegians DY7202 kom med trillevogna med kaffe og baguetter.” (Busemannen, 2013, Nærum)

Til oppsummering er ikkje ”Busemannen” ei av dei beste bøkene eg har lese, og mykje av grunnen til at eg valde å lese denne boka var på grunn av forfattarane. Som i dette tilfellet var mange av, men det ber ikkje historia preg av. Kort sagt er ho ei komplett krimbok som er ekstra morosam og verd å lese viss ein er godt interessert i den typen bøker eller berre likar Knut Nærum veldig, veldig godt.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *