Vindens navn

000 vindensForfattar: Patrick Rothfuss
Sider: 877
Serie: Kongedreperkrøniken.
Genre: Fantasy.
Forlag: Bazar Forlag AS.
Utgjevingsår: 2012
Oversetter: Morten Hansen

I Rothfuss» verd er Kvothe eit namn alle kjenner til. Store bragder og hendingar er knytt opp til dette namnet. I eit forsøk på å gøyme seg har Kvothe tatt namnet Kote og opna eit vertshus i utkanten av sivilisasjonen. Men store ting er sett i rørsle og han må kanskje ta opp kampen igjen. Ein dag kjem ein krøniker på besøk og finn ut den verkelege identiteten til Kote. Kvothe går da motvilleg med på å fortelje den verkelege historia om hans liv.
Som 9-åring reiste Kvothe rundt med familien sin, som var ein trupp av folkeslaget som blir kalla «edema ruh». Dei levde av å gjere forstillingar, synge, spele, samle og fortelje historier.
Faren samlar på historier om nokon som blir kalla «chandrierne», som er kjende som vonde og nådelause. Kvothe får oppleve denne vondskapen sjølv. Ein kveld vert alle i truppen drepne av «chandrierne», og han må no klare seg sjølv i ei verd der det er farar overalt. Han bestemmer seg også for å jakte på all informasjon om «chandrierne», og etter å ha levd tre år på gata, set han seg som mål å komme seg inn på universitetet der mykje kunnskap og lærdom ventar.
På universitetet får han gode vennar men også fiendar som strekkjer seg langt for å «putte kjeppar i hjulet» og hindre Kvothe i å nå langt. Han tar val som kan ha store konsekvensar men også kan ha gode gevinstar.
Boka er ei fantastisk spennande bok der du verkeleg får oppleve karakterutvikling. Du fylgjer Kvothe gjennom hans søking etter kunnskap og svar, men du blir også kasta inn i ei verd med spennande historier og uverkelege hendingar. Den har både humor og drama når Kvothe som urøynd 12-åring prøver seg i den vaksne verda.
Eg vil anbefale boka for både røynde og urøynde lesarar innan fantasysjangeren, men åtvarar om at det kan ta litt tid før historia verkeleg fangar deg.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *