Kakkerlakkene

00000 kakkerlakkeneSjanger: Kriminalroman
Utgjevingsår: 1998
Forlag: Aschehoug & Co
Sider: 352

Kakerlakkene er oppfølgjaren til debutboka «Flaggermusmannen», der Politimannen Harry Hole reiser til Bangkok for å undersøkje mordet på den norske ambassadøren. Han vandrar rundt i opiumshus, horehus og tempel. Harry Hole arbeidar med thailandske kriminaldetektivar som han dannar nærare kjennskap til. Etter kvart med dei thailandske etterforskarane finn han ut at det handlar om meir enn berre mordet.
Boka til Jo Nesbø er ei forholdsvis tung bok å lese, men ho er uhyre spennande. Språket er varierande og rikt, noko som Jon Nesbø er flink til å få fram, og han får ein til å til å leve seg inn i historia gjennom livet i Bangkok. Sidan det er ei eldre bok, blir ein litt forstyrra av dei ulike hendingane som skjer, spesielt teknologien. Eit tilfelle i boka var at han hadde problem med å finne anropa på mobiltelefonen som ikkje var sjølvsagt å finne i 1998. Utanom tidsforskjellen er det ei bok som eg vil anbefale til lesarar som er interessert i gode Krimromanar. Eg anbefaler å starte med den første boka til Jo Nesbø om Harry Hole før ein startar på «Kakerlakkene», sidan det er mykje som dukkar opp frå den, og ein kjenner igjen fleire sider av Harry Hole som ein ikkje hadde funne ut utan å lese den fyrste boka. Men det går fullt an å starte rett på «Kakerlakkene» uten å ha lest den fyrste boka til Jo Nesbø. Alt i alt ei veldig god og spennande bok av Jo Nesbø.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *