Kompani Orheim

000 orheimForfattar: Tore Renberg
Sjanger: Roman
Forlag: Oktober
Utgitt: 2005
Eg har lese oppvekstromanen «Kompani Orheim» av Tore Renberg. Det er den andre boka, av fem, i serien som fortel om livet til Jarle Klepp. Den første boka i serien er «Mannen som elsket Yngve», men viss ein skulle fylgt livet til Jarle i kronologisk rekkefylgje, er det «Kompani Orheim» som tek føre seg oppveksten hans i Stavanger. Boka startar med at Jarle Klepp er student i Bergen på 90-talet, og ei natt får han ein telefon frå mora om at faren er død. Dette tvingar tankane til Jarle tilbake til oppveksten i Stavanger med faren og mora, og då Orheim var Jarle sitt etternamn. Farens død er utganspunktet til å reise tilbake til 1972. Året Jarle blei født, og alt var fryd og gammen for den lille familien på tre. Etter kvart som åra går snur lykka for familien, og faren som er kjend får å vere ein hyggjeleg mann, druknar no i alkohol. Vi får lest om korleis dette påverkar Jarle og familien, og korleis Jarle prøver å skilje seg ut i mengda og finne sin eigen identitet.
Eg likte boka veldig godt. Eg er generelt ganske glad i oppvekstromanar sidan der er spennande å sjå kor mykje ein kan forandre seg i løpet av livet, og korleis forskjellege hendingar i livet påverkar deg. Så viss ein synest slikt er interessant å lese om, synest eg absolutt du kan lese denne boka. Boka var både spennande og rørande. Ein lever seg inn i historia, og vil gjerne at alt skal ende bra. Så det er berre å lese boka, og sjå korleis det heile ender så langt.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *