Etterfølgelse

Forfattar: Dietrich Bonhoeffer000 etterfølgelse
Forlag: Luther Forlag
Utgjevingsår: 2010
Sjanger: Protestantisk teologi
Sidetal: 277

Etterfølgelse er ei bok om kallet kristne har til å følgje Jesus. Bonhoeffer brukar første del av boka til å kritisere kristne som utnyttar det han kallar «billig nåde» som ei unnskyldning til å sette Jesus på sidelinja. «Billig nåde er nåde uten etterfølgelse, nåde uten kors, nåde uten den levende Jesus Kristus», skriv han. Han argumenterer for at kristne må innsjå at det kristne livet handlar om å sette Jesus i sentrum og vere villege til å ofre alt for han (sjølv døydde Bonhoeffer i ein tysk konsentrasjonsleir i 1945). Lengre ut i boka går han inn på konkrete aspekt ved dette livet som motstand, fellesskap, bøn etc. utifrå konkrete bibeltekstar. Siste del av boka handlar om kyrkja si rolle i etterfølginga og om sakramenta. Eit av dei viktigaste poenga hans er at synd handlar om å tru at vi er bra nok, medan nåden handlar om å innsjå våre manglar, noko Gud tilgjev fordi han elskar oss.
Det er nok inga overdriving å seie at dette er ei bok for spesielt interesserte. Boka er ganske tung, til tross for den korte lengda, og Bonhoeffer brukar svært lang tid på å forklare sitt første poeng. Etter kvart synest eg boka vart litt lettare då han bevegde seg over på fleire korte tema. Det siste kapittelet var for meg det som snudde leseopplevinga til noko langt meir positivt, men eg har personleg fått stort utbytte av heile boka. Likevel bør ikkje dette vere den første teologiboka du les, då vil du neppe få noko serleg ut av den. For dei få personane som framleis ikkje kjenner seg ekskludert frå å lese denne boka, kan eg sterkt anbefale å gi den eit forsøk.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *