Alt jeg sier er sant

Forfattar: Lisa Bjärbo0000 alt

Forlag: Cappelen Damm
År: 2013
Sidetal: 231

 

«Alt jeg sier er sant» er ei ungdomsbok som passar for deg mellom 13 og 17 år. Eg valde denne boka fordi eg, som mange andre, følte eg kunne kjenne meg att i handlingane og ikkje minst tankane til den skuleleie og uvitande Alicia.

I boka møter vi Alicia, som er ei jente med bein i nasen som står på sitt og veit kva ho vil når det gjeld det meste, utanom livet sitt.
«Hva har du gjort i dag?»
«I dag,» sier jeg da. «I dag har jeg stort sett bare droppa ut av videregående».

Boka tek føre seg det å vere ung og alle krava som er stilt til deg som ung i dag. Alicia begynner på sitt første år på vidaregåande, men finn fort ut at dette ikkje er noko for henne. Ho sluttar på skulen og byrjar å jobbe på Kaféen Kaffe og drømmer og flyttar inn med sin beste ven, nemleg bestemora hennar. Ho er den einaste som forstår henne på dette tidspunktet. Ho får oppleve ei ny side av det å bli vaksen. Boka fortel mykje om livet og omfattar korleis det er å til dømes gå sine eigne vegar, ta eigne val, miste nokon og finne nokon…

Boka var veldig innanfor min smak og eg trur mange andre kan ha glede av den. Eg kunne kjenne meg att i hovudpersonen «Alicia» og eg likte veldig godt måten forfattaren hadde formulert seg på i boka. Ho skriv på ein måte som får deg til å tru at ho er denne Alicia. Ho er seriøs på ein morosam måte.

Kan absolutt anbefalast!

 

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *