Fallen engel

Bfallen engeloka er skriven av Becca Fitspatrick og er gitt ut i 2011 av Gyldendal Norsk Forlag
Ei forførande, mørk og mystisk bok om både kjærligheit, kamp, drama og sorg.
«Fallen engel» er fyrste boka i serien «Fallen engel». I alt er det fire bøker. Boka handlar om Nora Grey som har mista faren sin. Ho bur i eit stort, fint hus i utkanten av bygda si, ein km frå nærmaste nabo. Ein dag i slutten av skuleåret ber læraren alle om å bytte plass. Nora og bestevenninna Vee blir splitta, og Nora blir plassert saman med Patch, ein mystisk, og muskuløs, litt skummel og høg type. Det er noko med Patch som får Nora til å bli dregen mot han. Dei får ei oppgåve av læraren. ”Kven er partneren din?”
Boka er veldig spennande og vanskeleg å legge ifrå seg. Den er akkurat passeleg lang; på 441 sider, med gode metaforar og veldig god skildring av stadar og metaforar. Boka er veldig klisjé, men samtidig både morosam, skummel, nervepirande, trist og veldig romantisk på same tid. Det er variert språk, men ingen dialekt, og svært lite banning.
Boka er innan sjangeren fantasy og er derfor veldig fantasifull, og kan vere litt vanskeleg å halde følgje med alle dei forskjellige vesena som dukkar opp i løpet av serien. Den er også original, ettersom det ikkje er veldig mange kjende bøker om englar.
Boka startar med ei beskriving av kven Nora Grey er, og kvar ho bur, så du blir fort sugd inn i boka, og inn i livet hennar. Forfattaren provoserer med oppførselen til hovudpersonane, og med problema som oppstår. Spenningskurva bygger seg opp forsiktig, men ikkje for langsomt. På slutten varer spenninga ganske lenge på topp, med fleire uventa overraskingar før den tek slutt.

Eg synest ikkje at det er noko spesielt forfatteren kunne ha gjort betre anna enn å gjere boka litt mindre klisjéprega i starten. Alt i alt er dette ei bok for dei som likar å drøyme seg litt vekk, og som likar fantasiverder. Den viser også at det er viktig å ta vare på venner og familie som ein har, og at vald og løgn aldri vil vere ei positiv løysing. Den seier også at du aldri skal dømme nokon før du får gjort opp ei eiga meining om kven personen er.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *