Gutten i den stripete pyjamasen

pysjamasForfattar: John Boyne, Irland
Oversetter: Tore Aurstad
Forlag: Cappelen Damm
Utgivingsår: 2006
Sidetal: 172

”Gutten i den stripete pyjamasen” er ein roman som handlar om ein gut på 9 år med namnet Bruno. Handlinga skjer under 2. verdskrig, og likevel lever Bruno trygt saman med den rike familien sin. Faren får etter kvart ei stilling av ”Røvaren” som gjer slik at familien må flytte frå Berlin og til ”Alt trist” som ligg i Polen. Bruno saknar veldig vennane sine, men så oppdagar han plutseleg ulike skur og menneske i pyjamasar bak eit høgt og uendeleg langt piggtrådgjerde. Han blir nysgjerrig og vil finne ut kven dei er, og kvifor dei sperra han ute frå dei andre ungane. Lesaren oppdagar etterkvart ei grufull verkelegheit, noko som 9- åringen ikkje gjer, og det heile endar med ein overraskande og brå slutt…

”Gutten i den stripete pyjamasen” er ei bok som eg syntest var vanskeleg å legge frå meg, fordi den både var spennande, søt og rørande. Romanen var også lett å leve seg inn i på grunn av den presise og klare skildringa til Boyne. Eit sterkt verkemiddel i boka er kontrast. Dei rike og dei fattige, fridom og jødane, og at det gamle huset var bra, men det nye huset var dårleg. Vi får rett og slett ta del i ein 9 år gammal gut sine oppfatningar av og tankar om verkelegheita, sjølv om han omtrent ikkje skjønar noko av det som går føre seg rundt han. ”Gutten i den stripete pyjamasen” får oss også verkeleg til å grøsse av det som står mellom linjene. Det er likevel ei hyggeleg bok, men med ein uhyggeleg undertone.

Eg syntest romanen var utruleg! Den var ikkje til å legge frå seg så snart eg kom meg til høgdepunktet. Boka passar best for ungdom på 12 år og oppover, og eg vil anbefale den på det sterkaste! Det har og blitt laga ein film basert på romanen som verkeleg er verd å sjå, etter at ein har lese boka.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *