Idas dans

idas dansForfattar: Gunnhild Corwin

Forlag : Dinamo forlag
Utgivelsesår : 2005
Språk : Bokmål
Sider : 297
Bøker : Idas Dans ( 2005 ), Etter dansen ( 2011 )

Idas dans, ei mors beretning er skriven av Gunnhild Corwin. Den tek opp dei mange utfordringane som følgjer med kreft, samt med det å samle på alle dei små augeblikka i livet, det som gjer ein lukkeleg.

Boka handlar først og fremst om Ida, hovudpersonen i boka. Ida hadde tidlegare vore ein livlig og aktiv 18 – åring, som brann for ballettdansing, kjæresten og sine beste vennar.
Kreften ( akutt lymfatisk leukemi ) kom brått på når Ida og mora var på sjukehuset for å ta nokon testar på det dei trudde var kyssesjuka. Saman med både vener og familie går dei inn i ei ny reise i kampen mot kreft, og langt vekk frå det gode og kjente.
Mora, Gunnhild, er ein sentral støttespelar for Ida, den sterkaste av dei alle. Ho føler seg så liten i forhold til den store sjukdommen, men veit at ho må stille opp for Ida. Ho definerer seg mange gonger som ´´verdensmesteren´´, den som skal klare alt, og aldri går i møte med murveggen. Det er det ho må vere for Ida. Ho kan ikkje bryte saman, Ida treng ho.

Saman med ´´verdensmesteren´´ har Ida fleire gode støttespelarar. Pappa Bjarne, som alltid passar på si vesle prinsesse. Sjølv om han nokre gonger rømmer på jakt for å få ein pause frå all kreften, veit Ida at pappa alltid er der for ho. Ida er ikkje berre pappas prinsesse, men også Jonas si. Jonas er Idas kjærast, men for familien Corwin er han meir som ein son. Elles får Ida mykje hjelp frå resten av familien. Syster Vibeke, som er utdanna helsesøster, hjelper stadig til med blodprøver og diverse, noko som gjer det mykje lettare for Ida å vere heime når Ida vil det. «Sjukehuset gjer meg kvalm og gir meg ein følelse av døden», var noko Ida ofte sa og gav uttrykk for i boka. Ved at Ida ofte har mulegheit til å vere heime, er det med på å gjere familien sterkare.
Søster Cecilie er også sentral i boka. Saman med sitt barn er dei ofte på besøk hos Ida. Tanterolla er viktig for ho, og er til god hjelp når sjukdommen er på sitt verste. Familie er eit omgrep som står sterkt i boka. Til saman dannar dei eit team, eit team som står saman uansett kva. Nemlig ´´Team Corwin´´.
Ida har også mange gode vener som ho veit stiller opp når ho vil ha nokon som står litt utanfor sjukdommen å snakke med. Besteveninne Anniken er ei av dei, men veit også når det er lurt å gi Ida litt tid for seg sjølv.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *