Boktyven

boktyvenForfattar: Markus Zusak

Forlag: N. W. Damm & søn
Utgitt: 2007
Sidetal: 538
Oversetter: Henning Hagerup

I boka ”Boktyven” av Markus Zusak får vi oppleve livet til Liesel Meminger under andre verdskrig sett frå Døden sitt perspektiv. I byrjinga er Liesel på veg til Himmelgaten i München saman mora si, og bror sin. På toget døyr broren, og mora vert send til konsentrasjonsleir. I gravlegginga til broren presterer ho å stele boka ”Graverens håndbok”, noko som viser seg å vere den fyrste av mange ho kjem til å stele. Når ho kjem fram til Himmelgaten er det omsider den nye fosterfaren hennar som får ho ut av bilen. Vidare fortel Døden om kvardagen til Liesel som vert prega av bøker, vennskap og krig.

Då eg byrja å lese boka skjønte eg ikkje så mykje av den, men etterkvart likte eg den betre og betre, og eg er glad for at eg leste den. Historia om Liesel er skjønn og forfattaren skriv på ein fin måte. I tillegg til å omhandle livet i Himmelgaten, kjem det og innblikk frå andre delar av Europa som er ramma av krigen.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *