21. juli

21. juli«21.juli er ei bok skriven av Kristoffer Berg. Kristoffer er overlevande frå Utøya, og den 22.juli» 2011 opplevde han og miste sin sjeleven, besteven og kjærast, Guro Vartdal Håvoll. I boka får ein lese om livet og tankane til Kristoffer etter 22.juli. Ein stor del av boka er også ord han har skrive til Guro. Kvar dag skriv han som eit innlegg i ei dagbok, og alt er skrive til henne. Sjølv om ho ikkje kan lese det, so er det god hjelp for Kristoffer å på ein måte ha kontakt med henne. Vi får lese om at Kristoffer besøkjer familien til Guro på Vartdal, der ho var ifrå, og om at han tur går på dei vakre fjella på Vartdal, som Guro elska meir enn noko anna.

Boka vart gitt ut i 2012. Den er nok mest retta for ungdommar, sidan både Kristoffer og Guro var ikkje so mykje eldre enn ungdommar då dette skjedde. Sjølv er eg ikkje so glad i å lese bøker, men denne boka likte eg svært godt. Den får fram på ein fin måte at kjærleiken kan fortsette sjølv om «den andre delen» ikkje er der lenger. Eg anbefaler den verkeleg.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *