Gravbøygen våkner

Forfattargravbøyg: Sigbjørn Mostue

Er du ein av dei personane som føretrekk spenning og fantasy framfor drama og romantikk? Då kan denne boka vere noko for deg! Denne boka handlar om Espen som drar til garden til morfar saman med mora si i sommarferien. Morfar har begynt å bli litt tullete, og Espen sin onkel, Svein, har så og seie tatt over gardsbruket. Til morfar sin store fortviling, skal Svein hogge ned Gammalskauen. Etter eit lynnedslag kjem Espen over ein ganske så spesiell nøkkel i skogen. Denne nøkkelen er døra til ei parallell verd. Farar truar denne verda. Om skogen blir hoggen ned, vil ein urgamal fiende av alvane, ved namnet Gravbøygen, vakne frå grava si og utrydde alvane.

I denne boka møter du skapningar som alvar, nissar, troll og tussar. Du følgjer Espen igjennom eit fantastisk eventyr, og blir også kjent med eventyret til Eva. Eva og Espen har lenge visst om kvarandre, men aldri blitt kjende med kvarandre. Gjennom dette eventyret blir dei tvungne til å bli kjende med kvarandre, og resultatet kan du gjette deg til sjølv.. Saman må dei trasse farar i både den parallelle og deira eiga verd.

“Gravbøygen våkner” er den første av dei tre bøkene i serien “Alvetegnet”. Boka blei først gitt ut i 2005, og blei kåra til mest lesne bok i 420 skular same året. I tillegg fekk boka Arks Barnebokpris i 2006. Sjangeren er spenning og fantasy, og passar til barn og ungdom mellom 10 og 15 år. Sjølv har eg lese boka no nyleg, og eg er 16 år.. Du kan nok seie at boka er utruleg spennande og umogleg å legge ifrå seg når ein har begynt på ho. “Gravbøygen våkner” er ei av dei beste bøkene eg har lese, og eg anbefaler alle med god fantasi å lese den.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *