Kjære

kjæreBoka eg har lese heiter «Kjære», som er ei av to bøker Linnéa Myhre har skrive. Bøkene er basert på hennar eige liv, og utan nokon form for sensur fortel og skildrar Linnèa livet som psykisk sjuk, og om eit liv med anoreksi. Linnèa kan å sette ord på følelsar som få veit korleis det er å ha, og dette og det personlege innblikket i hennar liv gjer dette til ei spanande bok å lese. Boka er gitt ut av forlaget Tiden Norsk Forlag og er ein roman på til saman 156 sider, noko som gjer boka til ei kort og lettlesen bok.

Boka var gitt ut i 2014, to år etter hennar første bok «Evig Søndag». Handlinga i «Evig Søndag» endar ein gong i 2011, same stad som neste bok startar. «Kjære» er ei bok samansett av ulike brev Linnea har skrive, og den byrjar med eit sjølvmordsbrev datert 10. mars 2011. Boka inneheld ei rekke personlege brev, og saman dannar dei eit bilete av Linnéa sin framgang gjennom 2011. I starten handlar boka om ei jente med mat som fiende, men det siste brevet handlar om hennar nye avhengigheit: Sondre

Linnéa har humor, til tider mørk humor, men den er likevel underhaldande. Boka er ærlig og det er ei bok alle burde lese, for å forstå litt betre korleis det er å leve med psykiske lidingar. Det er ei god bok som kan få dei aller fleste til å grine, og le.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *