Evig søndag

 

 

Forfattar: Linnéa Myhresøndag
Utgjevings år: 2012
Sjanger: Sjølvbiografisk roman

I denne sjølvbiografiske romanen følgjer vi livet til Linnéa Myhre gjennom eit år prega av eteforstyrringar, tvangstankar og depresjonar. Boka byrjar i 2011, då Linnéa motvillig byrja hos psykiateren Finn, noko som kom til å bli eit vendepunkt i hennar elles dystre liv. Humoren er mørk og tekstane ærlege, noko som speglar att Linnéa sin skrive- og veremåte.

Boka er lettlesen og enkelt skrive. Ho gøymer seg ikkje bak avanserte ord og skrivemåtar, men formidlar livet sitt på ein slik måte at det er enkelt for oss utanforståande menneskje å forstå korleis det er å vere henne. Boka er òg utan tydlege spenningshøgdepunkt, og opplevast meir som ein dagbok enn ein roman.

For meg var boka ei positiv oppleving. Det var ikkje alt det dystre eg sat igjen med, men trua om at alt kom til å ende bra. Boka anbefalast på det varmaste, både denne og den andre boka hennar, ”Kjære”.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *