Faen ta skjebnen

 

Faen ta skjebnenForlag: Gyldendal

Forfattar: John Green
Orginal tittel: The fault in our stars
Utgivningsår: 2012
Norsk oversetter: Stian Omland, MNO
Format: Pocket
Sidetal: 341
Terningskast: 6 med VG

«Faen ta skjebnen» handlar om ei jente som heiter Hazel Grace og ein gut som heiter Augustus Waters, som ho ein dag møter i støttegruppa for kreftsjuke ungdommar. Ho har lunger så dårlige på grunn av kreft at ho er tvungen til å bere med seg ei oksygenflaske overalt, og han har ofra ein fot for å bli kreftfri. Som Hazel seier i boka har ho «skjoldbruskkjertel opprinneleg, men med ein imponerande og for lengst inngrodd satelittkoloni i lungene.» Hazel og Augustus blir fort vener, og gjennom Hazels favorittbok «Ein keiserleg smerte» kjem dei stadig nærare kvarandre. Dei vert kjærestar sjølv om Hazel stritta ein del imot i begynnelsen fordi ho ikkje ville at han skulle sitte igjen med ei stor sorg etter at ho vart borte. Alle kreftsjuke barn i USA får oppfylt eit ønske frå ein stiftelse og Hazel brukte det på ein reise til Disneyland som Augustus tyner henne veldig på. Augustus hadde spart ønsket sitt og valde å bruke det på seg sjølv og Hazel. Dei reiser til Amsterdam for å møte forfattaren av «Ein keiserleg smerte». Der oppstår det krangel, latter, kjærleik og sorg.

Eg syntest boka var ein lettlest og god roman. Det er ei bok du ikkje klarar å legge frå deg. Den har utrulige metaforr og fantastiske ord du aldri kjem til å gløyme. Eg veit i alle fall at eg kjem til å lese den på nytt, men då kjem eg til å lese den på engelsk, fordi eg vil lese den på originalspråket. Boka kjem til å få deg til å både le og grine. Boka er ikkje ei forteljing om kreft og død, men det er ei vakker og gripande historie om Hazel og Gus. Det er ei fantastisk bok som eg anbefaler alle å lese!

John Green er ein amerikansk forfattar og videobloggar. Han er født 24. august 1977 i Indianapolis, Indiana, USA. Han er gift med Sarah Urist og han har ein bror som heiter Hank Green. Han har fått Edgar-prisen for beste ungdomsroman og shorty-prisen for beste forfattar.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *