Boktips frå skulebiblioteket

 

Det fine som flyter forbiTittel: Det fine som flyter forbi

Forfattar: Ida Løkås

Utgivingsår: 2012

 

Debutromanen til Ida Løkås er ein god oppvekstroman frå eit miljø vi sjeldan les om.

Det er sommarferie. Vi er i Little Venice, ein fattig bydel i London prega av sosiale problem. Her på feil side av kanalen veks 14 år gamle Jamie opp, han er ein roleg gut som likar å teikne og lagar skisser av miljøet rundt seg. Jamie bur saman med mor si, som må ha fleire jobbar for å klare seg økonomisk og har ein lei tendens til å dumpe bort i feil menn.

Jamie kjedar seg, ingenting skjer. Ungdomsklubben er stengt og alle kompisane er bortreist. Berre den halvkriminelle barndomsvenen Charlie har han å henge med. Dette kjem til å bli ein lang sommar, den som hadde andre moglegheiter tenkjer han og kikkar bort på dei flotte husa på den andre sida av elva.

Men ferievekene vert spanande nok. Ei reise og nye venskap dukkar opp. Jamie vert kjent med den fotograferande naboen med «pedobrillene»,  han stormforelskar seg i den eldre nabojenta Ariel og ein episode med ein sykkel gir han og Charlie innpass i den tøffaste gjengen i området. Dessutan har mora fått enno ein ny kjærast.

Etterkvart kjem Jamie opp i trøbbel på fleire plan, der han må ta dramatiske og vaksne val og vise kva han står for og kva som er det viktige i livet.

Boka passar godt for unge vaksne. Innhaldet engasjerer, og vi får eit truverdig portrett av ein 14. åring. Språket er lett og direkte, og boka har ei fin spenning i seg som held til siste side.

 

 

 

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Biblioteknytt med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *