Vakre skapninger



Vakre skapninger Kami Garcia og Margaret Stohl

Tittel: Vakre skapninger

Orginaltittel: Beautiful Creatures

Forfattarar: Kami Garcia, Margaret Stohl

Forlag: Cappelen Damm

                                     Utgjevingsår: 2013

                                    Målgruppe: 13-18år

I boka Vakre skapninger følgjer vi hovudpersonane Ethan Wate og Lena Duchannes. Ethan si mor er død og faren har lukka seg inne i si eiga verd sidan. Amma som er familien si hushjelp er ei slags erstatningsmor for Ethan. Ethan blir stadig heimsøkt av draumar om ei vakker jente. Draumen er den samme kvar natt, han prøver å redde jenta, han høyrer ein song og han kjenner lukta av sitronar og rosmarin. Ethan er i opprør mot det kvelande småsamfunnet i Gatlin. Det finst ingen overraskingar i Gatlin, det var iallfall det Ethan trudde før han møtte Lena. Ein dag kjem det ei ny jente til Gatlin, Lena Duchannes. Ethan kjenner ho igjen, men har aldri sett eller møtt henne før. Det er Lena, Lena må vere jenta frå draumen. Ethan og Lena bindast saman av ein djup og mektig kjærleik, men Lena er inga vanleg jente, ho har skremande krefter, og det finst ein mørk forbanning over henne. På sekstenårsdagen vil skjebnen hennar bli bestemt, og den dagen nærmar seg!

 Boka er delt inn i ikkje nummererte kapitel med 514 sider. Boka ligg på lesenivå 12-16 og er lettlest fordi målgruppa er på 13 til 18 år. Boka var originalt utgjeven i 2009 på engelsk, men vart publisert på norsk i januar 2013.

– Eg likar boka veldig godt og har planar om å lese dei andre bøkene i serien også. Eg likar boka fordi den inneheld tema som interesserer meg som lesar; ungdomstid, løyndomar, overnaturlege krefter, magi og kjærleik. Eg synst at boka er orginal og inneheld noko heilt nytt og friskt. Det er mange klassiske tema i romanen, men etter mi meining inneheld boka ein ny type forboden kjærleik, ein ny type magi, nye skapningar som manarar, nye karakterar og ein heilt ny setting. Vakre skapninger tilhøyrer fantasysjangeren, men inneheld også litt grøssarstemning og sjølvsagt mykje romantikk. Dette gir boka ein balanse mellom spenning og romantikk. Eg vil anbefale boka for ungdomar som likar å lese om mørke løyndomar, overnaturlege krefter og djup kjærleik.

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *