Svanesøstrene

Svanesøstrene

Tittel: Svanesøstrene

Orginaltittel: The Bird sisters

Forfattar: Rebecca Rasmussen

Oversett av: Mette I. Gudevold

Forlag: Pantagruel

Utgjevingsår: 2012

Svanesøstrene er ei vaksenbok skriven av Rebecca Rasmussen. I boka møter vi det eldre søskenparet Milly og Twiss, som er kjent for å helbrede skadde fuglar.

Vi les vekselvis frå to tidsepokar i livet til dei to søstrene; frå tenåra sommaren 1947, og då dei er eldre, ugifte og bur i Spring Green. Vi blir med tilbake til sommaren dei får besøk av kusina Brett, som er atten år denne sommaren, og som skal vise seg å snu alt på hovudet.

Ekteskapet til foreldra er i endring, medan Milly er forelska i Asa som brukar å slå graset heime med dei. Twiss som er fjorten år og to år yngre enn Milly synst at alt dette er tåpelig, og er sjølv ei livleg »gutejente».

Sommaren 1947 bringer store overraskingar, og set verkeleg familiebanda på prøve.

Boka er bygd opp av ganske korte kapittel, og har totalt 373 sider. Historia hoppar litt fram og tilbake i tid, men utan å øydeleggje flyten i boka. Vi får sakte, men sikkert vite alt som skjedde den sommaren, og boka er på den måten ingen »pageturner». Historia går i eit roleg tempo, og er også lettlest.

Eg anbefalar denne boka for dei som vil lese ei sår og hjarteskjerande bok, men som samtidig er full av håp og ikkje minst sterke familieband. Den vekkjer tankar, og viser ulike sider i eit syskenforhold.

Lese av: Signe Brekke Harbak

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *