Idas dans

950401.bilde.1349947688.x[1]IDAS DANS –En mors beretning

 Tittel: Idas dans

Forfatter: Gunnhild Corwin

Forlag: Dinamo

Utgjevingsår:2005

 

Boka handlar om atten år gamle Ida som er energisk og glad og som elskar å danse. Etter mykje mas ifrå mora, går ho ein dag til legen på grunn av ei forkjøling som ikkje vil sleppe taket før ei viktig ballettforestilling. Det viser seg å vere akutt lymfatisk leukemi, ein potensiell dødeleg sjukdom. Livet blir snudd opp ned på ein dag. Familien kjem i sjokk og veit ikkje korleis dei skal takle situasjonen.

Sjølv om boka er skriven av mora, og ikkje Ida sjølv, føler ein at ein blir godt kjend med Ida og hennar situasjon. Den er skriven på ein veldig «skjønnlitterær måte» som gjer at sjølv om det er ei forteljing om ei sann historie, er boka mykje meir enn berre ei vanleg skildring av kvardagen. Ida hadde jo heller ikkje ein «vanleg» kvardag på grunn av sjukdomen, og det gjer kanskje at boka er av dei som set eins eige liv litt i perspektiv.

Corwin skriv på ein ærleg og jordnær måte som gjer at ein nesten ikkje klarer å leggje boka ifrå seg. Sjølv om ein veit at Ida må døy til slutt, er det er ei utruleg vakker og spennande bok, og

Dersom det er slik at ei bok er god dersom den får lesaren til å begynne å grine, er dette definitivt ei god bok.

Tilbakemeldingar frå andre lesarar;

«Jeg har lest mange personlige beretninger om sykdom, sjelesmerte og død. Dette er den vakreste av dem alle.»

«Å følgje historien til 18år gamle Ida og hennes 14 måneder av det vi kaller livet, gjorde noe med meg. Idas dans er en fabelaktig bok om kjærligheten til livet, kjærligheten mellom to unge mennesker -og om en families klærlighet til sin sterke, flotte datter.»

Jon Magnus, forfattar av Karlsvogna

 «Har nettopp lagt ifra meg verdens vakreste bok, boken du har skrevet om din tapre, nydlige datter, Ida. Tusen takk for en fantastisk bok.»

Lese av: Marte Julia Dalsbø

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *