Dødslekene

Dødslekene

The Hunger Games(Dødslekene)

 Forfattar: Suzanne Collins

Forlag: Gyldendal

Sjanger: Eventyr, Science Fiction

Utgivelsesår: 2008

The Hunger Games er den første boka i ein serie på tre bøker. Boka er ganske trist og sørgjeleg og tek plass ein stad som dei kallar «Panem». Den er skriven på ein veldig god måte og er veldig spennande å lese. Det at boka er så pass «skummel» og handlar om noko så uvanleg trur eg gjer at den dreg til seg lesarar. Sidan boka først kom ut har den blitt anbefalt av mange kjende forfattarar t.d. Stephen King og Stephenie Meyer.

Forfattaren av boka er Suzanne Collins. Ho vart fødd 1962 i Hartford, Conneticut. Då ho var ung flytta familien hennar veldig ofte, og ho har budd stadar som f.eks. New York City og Brussel.

Familien hennar var veldig interessert i historie og skriving. Faren jobba som forelesar på ein vidaregåande skule, og var meir enn villig til å fortelje elevane sine/familien sin om sine tidligare opplevingar som flygar i militæret. Faren brukte å ta med familien til gamle plassar der det ein gong hadde våre kampar. Han brukte å fortelje om krigen frå byrjing til slutt, Suzanne sa at det var som å vere med ein guide og ho voks så og seie opp med læra om krig. Noko som er grunnen til at det er akkurat det Hunger Games handlar om.

Hovudpersonane i boka er Katniss Everdeen og Peeta Mellark.

Katniss er ei jente på 16 år som bur i distrikt 12, som er eit av dei fattigaste distrikta i Panem. Då den yngre søstera henna vart trekt ut for å vere med i Hunger Games meldte Katniss seg frivillig for å ta hennar plass. Katniss er ei jente som er van med å måtte jobbe for det ho vil ha. 3-4 gongar i veka må ho snike seg utanfor grensene på jakt, for å holde familien i live, sjølv om ho veit at dersom ho vert tatt kan den koste henne livet. Det er ingenting ho bryr seg meir om enn den yngre søstera og bestevennen «Storm». Ho er sterk og kan å sloss for seg sjølv, og i tillegg er ho smart og veit kva som må til for å overleve.

Peeta er den 16 år gamle, uheldige guten frå distrikt 12 som måtte bli med i Hunger Games. Familien hans var bakarar, og dei hadde derfor alltid mat. Peeta var i ein av dei rikaste familiene i distrikt 12. Han er smart, og bryr seg veldig om andre menneske. Han er ikkje godt innlagt når det gjeld å sloss, og det at han er sterk er hans beste og einaste våpen dersom han havar i kamp.

Handling:

Boka sitt miljø er lagt til «Panem», det som ein gong var Nord-Amerika. Panem er delt opp i 12 distrikt, med «Capitol» som hovudstad. Panem hadde før 13 distrikt, men etter at distrikt 13 gjorde opprør mot Capitol la Capitol distriktet i grus. Dei drap alle som var der og kutta plassen ut av kartet.

Sidan den gong har leiarane i Capitol arrangert noko som dei hallar «dødsleikane» som er til for å minne distrikta på kva krefter Capitol har, slik at dei aldri igjen skal gjer opprør.

Dødsleikane går ut på at ein gut og ei jente frå kvart distrikt skal ut på ein arena og sloss for livet. Det kan berre vere ein vinnar, og for å vinne må ein vere den einaste levande igjen på arenaen.

Dødsleikane er eit underhaldningsprogram som går live på tv og tvingar alle til å sjå på. For Capitol er det rein underhaldning, men for dei andre distrikta er det ein forferdeleg oppleving å måtte sjå folk frå sitt eige distrikt kjempe om livet, og om mulig døy..

Katniss Everdeen og Peeta Mellark er dei to deltakarane frå distrikt 12. Då dei blir plukka ut vert dei straks sendt til Capitol for å bli stelt og vist fram for folket. Dei lever eit par dagar i luksus medan dei vert trent opp til kamp. Etter ei veke med hard trening skal dei verte sendt ut på arenaen. Alle deltakarane får ein mentor som skal gi dei rettleiing og råd. Haymitch er tidligare vinnar av Dødsleikane, og mentoren til Katniss og Peeta. Han råder dei til å gjer bra inntrykk på folk, slik at dei kan skaffe seg sponsorar. Sponsorar kan vere det einaste som kan hjelpe dei dersom dei kjem i ein trassig posisjon, for da kan dei få sendt inn hjelpande produkt som om mulig kan redde livet deira. Med ein gong alarmen rungar og dødsleikane er i gong spring Katniss og Peeta kvar sin veg. Katniss held seg aleine medan Peeta slår seg saman med ei gruppe jaktglade ungdommar.

Boka er skriven på ein god måte med eit lett språk som gjer at dei fleste burde kunne lese boka utsn store problem. Der er ikkje mange vanskelege ord, og alt er godt beskrive.

Mi meining om boka er at den er lett å lese, og har spennande innhald. Eg synsast kanskje det blir litt for mykje vald og død til at det er ei spesielt koselig bok akkurat, men dersom du er glad i slike tema er det ei ypparlig bok. Den har gode skildringar og det er nesten som å vere der å sjå på leikane sjølv. 

Lese av: Benedikte Hauge

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *