Tilfeldig engel

Tilfeldig engel

Boktittel: Tilfeldig Engel

Forfattar: Kari Sverdrup

Forlag: Omnipax

Utgitt år: 2010

 

Boka handlar om ei jente med namn Anna som bur i Oslo. Faren hennar reiser ifrå familien når Anna er fjorten år. Anna, mora og lillebroren flyttar til Tvedt i eit stort og flott hus. Dei får mykje arbeid med å pusse opp huset.

 

Anna slit med å få vennar på den nye skulen, dei første vennane ho får finn ho fort ut at dei er berre å droppe. Ho får heldigvis andre venner som ho er med ofte, nokon ho verkeleg kan stole på. Ho får seg ein kjæreste også. Livet er perfekt.

Anna slit litt med at ho saknar faren sin, og lurer verkeleg på kvar han er og kvifor han reiste. Ho får gåver frå han, men nektar å opne dei.

Miljøet i boka er veldig likt eit vanleg norsk ungdomsmiljø. Det er mykje mobbing, spesielt over sms. Det er kun jentene som mobbar kvarandre, på skulen der Anna går er der ein gjeng med jenter som har overtaket over alle på skulen.

Dette er ei bok som eg kan anbefale på det sterkaste. Eg levde meg veldig inn i boka, følelsane mine følgde Anna sine følelsar.

Lese av: Ragnhild Andreassen Krutnes

 

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *