Utfor

Utfor

 Tittel: Utfor

Forfattar: Sunniva Relling Berg

Forlag:Samlaget

Utgjevingsår: 2011

Utfor er ein ungdomsroman som er skriven av Sunniva Relling Berg. Boka handlar om ei jente som heiter Lea. Ho er ei veldig smart jente, og er veldig skuleflink. Ho er flinkare enn dei fleste på hennar alder, og faren hennar lærer henne mange avanserte ting som gjer at ho kan rekne ut dei vanskelegaste reknestykke. Ho kan hjelpe dei som er eldre enn henne med den matteleksa dei ikkje får til. I starten av boka får ein inntrykk av at Lea har vorte mobba i byen der ho budde før. Lea flyttar frå byen til Ytsteøya saman med foreldra sine den sommaren ho skal byrje i niande klasse. Ein av grunnane til at dei flyttar er fordi foreldra meiner at då vil Lea få nye muligheiter, og at ho vil få det mykje betre enn ho hadde det i byen. På Ytsteøya blir ho kjend med nye folk, og ho får seg nye vener. Ein av dei ho blir best kjent med er Jonas. Han budde i det huset Lea flyttar inn i før, men no bur han i nabohuset saman med bestemora si. Lea blir også kjend med ein ungdomsgjeng som også bur på Ytstesøya, blant anna Mia som går i den klassa Lea byrjar i. Denne gjengen vil ikkje vere saman med Jonas, og det forstår Lea ingen ting av. Ho prøver alt ho kan for å få dei til å fortelje henne kvifor dei ikkje likar kvarandre, men dei vil ikkje. Lea blir også kjent med jentene i den nye klassa si, og blir bedt på filmkveldar og slike ting med dei. Etter kvart finn ho ut at jentene i klassa ikkje vil vere saman med Mia, og det er også ein ting Lea synest er veldig vanskeleg sidan ho vil vere saman med alle. Ho prøver å få dei til å be Mia med på ting, men sjølv om dei gjer det vil ho ikkje vere med. Gjennom heile boka prøver Lea å få ting på plass og finne ut av konfliktane som er blant ungdommane, spesielt konflikten som ho ikkje får vite noko om på Ytsteøya.

Boka er bygd opp i 24 korte kapittel på ca 10 sider, og har 206 sider. Boka er forholdsvis enkel å lese, og den er enkel å forstå. Ein slepp å lese mellom linjene, og den er passeleg lang for dei som ikkje likar å lese bøker med veldig mange sider.

Eg vil anbefale boka fordi den er både kjekk og spennande å lese. Det er ikkje lett å legge den frå seg når ein er midt inn i eitt av dei mest spennande kapitla. Det er jamn spenning gjennom heile boka, og ein forstår til ei kvar tid kva det er som skjer.

Lese av: Synnøve Madsen Stokke

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *