Tonje Glimmerdal

Tonje GlimmerdalTonje Glimmerdal

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2012

Denne boka som eg har lese handlar om ei lita jente som bur i Glimmerdalen. Ho heiter Tonje Glimmerdal.

Tonje Glimmerdal er ei 9 år gammal jente som bur med foreldra sine. Ho er den einaste barn i heile Glimmerdal. Mora hennar jobbar som forskar på Grønland i lange periodar og faren hennar jobbar på garden sin heime i Glimmerdalen. Ho har ein bestevenn på 70 år gammal som heiter Gunnvald. Tonje er ofte hos Gunnvald.

Gunnvald Glimmerdal bur åleine. Han likar og spele fiolin og vere med Tonje Glimmerdal. Det er ikkje alltid Gunnvald spelar fiolin, og ikkje alltid han spelar særleg vakkert synast Tonje.

I Glimmerdalen er det også ein person som ho ikkje kan fordra, og det er Klaus Hagen. Klaus Hagen likar ikkje barna i heile tatt, derfor Tonje hatar han. Klaus Hagen er eigaren av campingplassen i Glimmerdal og er den rikaste person i heile Glimmerdalen.

Tonje Glimmerdal veit ikkje alt om Gunnvald. Fordi Gunnvald fortalde ikkje alt om seg sjølv til Tonje. Gunnvald får eit brev frå ein som heiter Anna Zimmermann. I dette brevet står det nokre hemmelegheiter frå fortida til Gunnvald.

Då Gunnvald hadde lese det brevet, stressa han mykje. Han blei sendt til sjukehuset. Tonje anar ikkje om kva som gjer at Gunnvald vert så sjuk at han måtte ligge i sjukehuset.

Tonje høyrer av ein nabo snakka om Anna Zimmermann. Tonje veit at dette brevet kom frå Anna Zimmermann til Gunnvald. Tonje besøkjer Gunnvald på sjukehuset og spørje han kven Anna Zimmermann er?

Gunnvald fortell ikkje kven ho er, men Tonje finn det ut etter kvart likevel.

Det kjem også ei anna jente heim til Gunnvald, og ho heiter Heidi. Tonje spørje henne kven ho er og kva ho vil her hos Gunnvald? Ho svarar ikkje henne. Tonje fortel Gunnvald neste gang når ho er på besøk med han om Heidi. Tonje vil nemleg vite alt som skjer i Glimmerdalen. Og endeleg fortel Gunnvald henne om Heidi og Anna.

Boka sluttar på ein fin måte. Dersom du er interessert i å vite meir om handlinga i boka, då bør du lese boka sjølv. Det er nemleg ei fantastisk bok, og eg anbefalar den til alle.

Lese av: Hadid Moshtaq

Dette innlegget vart lagt inn i Bokmeldingar med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *